Hopp til innhold

Steile frontar i debatt om syriaflyktningar

BALESTRAND (NRK): Den eine meiner vi kan hjelpe flest ved å bistå flyktningane i heimlandet, den andre skuldar motstandaren for populisme.

Harde frontar i syriadebatt

SKARP USEMJE: Trude Brosvik (Krf) og Rita Navarsete (Frp) har to vidt ulike syn på korleis vi best kan hjelpe flyktningane frå Syria.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/montasje / NRK

Våre fremste folkevalde er i desse dagar samla på fylkesting Balestrand. Temaet som vekte størst debatt i dag var Stortinget sitt forlik om Syria-flyktningar.

Fremst i rekkjene var Rita Navarsete (Frp) og Trude Brosvik (KrF), som etter møtet heldt fram ordvekslinga for open mikrofon.

  • Her kan du høyre den tøffe duellen:

– Gir kvoteflyktningane gullbillett

Rita Navarsete er klar på korleis ho meiner vi best kan hjelpe dei krigsråka.

– Ved å ta inn åtte tusen flyktningar til Norge, så hjelper me dei åtte tusen. Men då sit det att kanskje 200 000 i Syria som ikkje vil få hjelp, seier Navarsete til NRK.

Ho meiner det er urettvist å sleppe flyktningane frå Syria framfor i køen for å få bustad i Norge. Ho meiner vi gir kvoteflyktningane den reine gullbilletten.

– Desse går rett forbi asylmottaka, der vi veit det er folk som har sete i fleire år, seier Navarsete.

Trude Brosvik er ikkje med på argumentasjonen om at det er best å hjelpe flyktningane der dei er, i staden for å ta imot dei her i Norge.

– Det Stortinget har samla seg om, det gjer begge deler. FN seier vi ikkje kan hjelpe alle der dei er, vi er nøydde til å ta ut dei ti prosentane som er hardast råka. Vi vil vere med på den dugnaden, for det er heilt forferdeleg det som skjer, seier Brosvik.

Skuldar Frp for populisme

Frp har tidlegare kravd folkeavrøysting om syriaflyktningane, noko dei ikkje fekk. Frå talarstolen bad Navarsete dei som ønskjer å ta imot færrast mogleg flyktningar om stemme på Frp.

– Lat valet bli ei folkeavrøysting, sa ho.

Brosvik skuldar Frp for populisme og meiner utspelet til Navarsete er rein valkampstrategi.

– Det gjer meg så opprørt at ein så tydeleg brukar ein forferdeleg situasjon, for at folk skal stemme på Frp, seier Brosvik.

Dette er Navarsete ikkje einig i.

– Dette er ikkje ei valkampsak for oss, den er det andre som har starta, seier ho.

Ønskjer pengar på bordet

Samstundes har ho ikkje noko klart svar på Brosvik si oppfordring om å talfeste kor mykje pengar Frp vil bruke i nærområda til flyktningane.

– Det lyt vi snakka med finansministeren om. Dei tala har me ikkje. Men vi kan løyva ganske mykje, når vi ser kor mykje det vil koste Norge å ta imot dei åtte tusen, seier Navarsete.

Brosvik meiner Frp har hatt god tid til å legge pengane på bordet i forhandlingane.

– Det går ikkje an å handle slik Frp gjer i denne saka, seier ho.