Hopp til innhold

Steile frontar i debatt om politireform

Alt skal bli så mykje betre, seier regjeringspartia. Tidenes sentralisering, seier Senterpartiet. I Venstre blir dei ikkje heilt einige med seg sjølve.

Liv Signe Navarsete

BRÅK OG RABALDER: Liv Signe Navarsete seier ho kjempa mot sentralisering i den raudgrøne regjeringa, og meiner Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V) burde gjere det same med politireforma.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Då Grete Faremo ville legge ned 110-sentralen sytte eg for å lage so mykje bråk og rabalder at det vart lagt på is, seier Liv Signe Navarsete (Sp) når ho møter Høgre og Venstre til debatt.

I går la Regjeringa og Venstre fram sitt forslag til politireform. Sogn og Fjordane politidistrikt blir slått saman med Hordaland, og ei rekkje lensmannskontor blir truleg lagde ned.

  • Høyr heile debatten lenger nede

Sterkt ueinige om resultatet av reforma

I dag tidleg høyrde vi stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V) seie at reforma er til det beste for Sogn og Fjordane og landet. Navarsete og Senterpartiet meiner det blir dårlegare polititenester og sentralisering.

– Ein burde forvente at Stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane tek eit oppgjer med sentraliseringsiveren i leiinga i partia og i regjeringa. Vi hadde og sentraliseringsivrige folk i den raudgrøne regjeringa, seier Navarsete.

– Vi i Sogn og Fjordane Høgre jobba innanfor partiet for å behalde Sogn og Fjordane som eitt politidistrikt. Vi kom ikkje i mål, seier Lødemel, som framleis står på at det er ei god reform.

Bjørn Lødemel

HØGRE: Bjørn Lødemel

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det viktigaste av alt er å utvikle eit nærpoliti som folk ute i bygdene og kommunane vil sjå nytte av. Då treng vi folk på lågaste nivå, og det er det denne reforma dreier seg om, meir enn lokalisering av eit politidistrikt, seier han.

Ueinig med eigen stortingsrepresentant

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn kunne ikkje stille til debatt i dag. Partifelle og fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang, støttar hovudintensjonane med reforma, men er sterkt ueinig med stortingsrepresentanten sin om framtida til politidistriktet.

Gunhild Berge Stang

VENSTRE: Gunhild Berge Stang

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har eit velfungerande politidistrikt i Sogn og Fjordane, som skal slåast saman med eit mildt sagt ikkje så velfungerande politidistrikt i Hordaland. Det er det eg er mest kritisk til, seier Stang.

Meir om saka og debatt