- No blir det ein diskusjon framover, og eg har ikkje gitt opp kampen, seier Sandal.
Harde frontar
Frontane i Arbeidarpartiet står steilt mot kvarandre i fiskeripolitikken. Den interne striden handlar om partiet skal opne for å bruke statlege verkemiddel for å flytte tyngdepunket i fiskeri-Norge nordover. Dette er Arbeidarpartifolk i dei fire Vestlandsfylka sterkt imot. Florøværingen Reidar Sandal står i spissen for dei som vil hindre Ap-landsmøtet å vedta dette.
- Eg står for eit synspunkt som har tung forankring i fiskarlaget i Sogn og Fjordane, på Vestlandet - ja faktisk i heile landet, og difor kjempar eg frimodig for at det synet eg står for skal vinne fram til slutt, seier Sandal.
Alliansar
No må det byggast alliansar fram mot landsmøtet i april. Sandal vil gjere kva han kan for at Vestlandsfylka ikkje blir den tapande part.
- Eg er glad for at vi òg har fått tilslutning frå andre delar av landet. Denne saka blir ikkje avgjort av vestlendingar eller nordlendingar, men av folk som bur austafjells. Så det gjeld å gje dei ei god innsikt i saka. Fiskeripolitikk er ikkje slik som dei steller med til dagleg, sår Ap-politikaren fast.
Han blir ikkje forundra om denne saka endar i kampvotering på landsmøtet.