Hopp til innhold

Steenslid blir i Sogndal

Sogndal sin talentfulle midtstoppar Børre Steenslid blir i klubben dei neste tre åra. Det vart klart i dag.

Mange eliteserieklubbar har vist interesse for nordfjordingen, og han har sjølv uttalt at han ynskjer å spele på eit høgare nivå enn Sogndal. Men no er han altså innstilt på å bli i Sogndal ut kontraktstida.

- Hastar ikkje med ny klubb 

 

Børre Steenslid
Foto: www.sogndalfotball.no

Då Sogndal fotball kalla inn til pressekonferanse tidlegare i dag, med tema Børre Steenslid, var det mange som trudde at 20-åringen var på veg vekk. Og det mest sannsynlege var at Viking blei hans neste klubb. Men u-21-landslaget sin kaptein har andre planar, han blir i Sogndal til 2008-sesongen er ferdig. Steenslid meiner det ikkje hastar med å finne ein ny klubb.

- Eg hadde ikkje skrive under på nokon ny kontrakt om eg ikkje følte eg kunne utvikle meg. Sjansane kjem viss eg står på og presterer, og eg håper at eg kan bidra til at Sogndal rykkjer opp til eliteserien, seier han.

Får høg løn

Midstopparen med ei fortid i Skavøypoll vil ikkje seie noko om innhaldet i kontrakten med Sogndal. Men sportsleg leiar Anders Giske sa på pressekonferansen i dag at han får ei høg løn og at han blir ein av dei best betalte spelarane i klubben. Steenslid seier sjølv at løna ikkje hadde betydning for hans val.

- Eg har gått opp i løn, men dette er ikkje grunnen til at eg forlengar kontrakten, seier han. 

Svært glad trenar 

Sogndaltrenar Stig Nord er svært glad for at Børre Steenslid valde å bli i klubben.

- Det er utruleg viktig for oss at Børre blir i Sogndal. Vi har ein solid spelar med oss vidare. Han er også ein sentral spelar på U21-landslaget, men det er klart at han har mykje han må utvikle vidare for å komme opp på topp-nivå, seier Nord.