Hopp til innhold

Stedjebergtunnelen opna

Klokka tolv i dag opna samferdsleministeren Stedjebergtunnelen på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger.

Vegopning Stedjebergtunnelen
Foto: Statens vegvesen

Tunnelen opnar nesten to månader før tida og kostar 20 millionar kroner mindre enn Statens vegvesen hadde rekna med.

Stolt Navarsete

Mykje folk hadde møtt fram for å vere med på opninga, og samferdsleminister Liv Signe Navarsete er stolt over å få vere med på å opne tunnelen. Mange hundre menneske pendlar på den rasutsette vegen kvar dag.

- Det er stort å få lov å komme heim for å opne veg. Med ein slik veg legg vi til rette for framtida. Det er strålande at vegen blir opna før tida og at den vert billegare, så det er gjort av god jobb av både vegvesenet og alle entreprenørane, seier ho.

På programmet før opninga stod både musikk, andre kulturinnslag og enkel servering ved tunnelopninga på Stedje.

Første etappe

Stedjebergtunnelen er første etappe i rastryggingsarbeidet mellom Sogndal og Leikanger. Arbeidet med Fatlatunnelen startar etter påske.

Stedjebergtunnelen er 2, 1 km og elles omfattar prosjektet 1,2 km veg i dagen og 0,6 km turveg. Heile prosjektet har kosta 160 millionar. 

 

Tunnelen i Stedjeberget.
Foto: Arne Eithun / NRK