Hopp til innhold

Her frå Stedje utdelt heidersprisen

Olav Stedje fekk laurdag kveld Lutt sin aller første heiderspris.

Olav Stedje får Lutt sin heiderspris
Foto: NRK

Prisen vart delt ut under NRK Sogn og Fjordane sin hyllestkonsert for Olav Stedje i Sogndal kulturhus laurdag kveld.

Der deltok artistar som Tone Damli Aaberge, Sigrid Moldestad, Finn-Erix, Håvard Lothe og mange fleire med sine favorittlåtar frå Stedje sine 30 år som plateartist.

– Då han gjekk til topps på Norsktoppen med «Ta Meg Med» i 1981, var han ein nasjonal sensasjon. 30 år etter er han like aktuell, like populær, like aktiv og like kompromisslaus på bruken av nynorsk og dialekt – sitt kjære sognamaol, skriv juryen i si grunngjeving for prisen.

– Ein fortent pris

Det er første gong Lutt sin heiderspris vert delt ut. Prisen skal gå til musikarar frå Sogn og Fjordane som over tid har vist kvalitet, nyskaping, speleglede og som har fått merksemd både lokalt og nasjonalt.

– I løpet av 30 år Olav Stedje gjeve ut 12 plater som har selt svært godt. Han har fått både spelemannspris, Medaaspris og fylkeskulturpris. Stedje har vore banebrytar for nynorsk og dialekt i Norsk musikk, og er blant dei som har lagt aller lengst på Norsktoppen med om lag 40 ulike låtar.

– Han har delteke i Grand Prix tre gonger, og har spelt ein enorm mengde konsertar over heile landet. Dette er ein heidersmann som verkeleg har fortent ein slik pris, seier Stian Sjursen Takle i Luttredaksjonen til NRK Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Stedje

FEKK HEIDERSPRIS: Olav Stedje er ein heidersmann som verkeleg har fortent ein slik pris, seier juryen.

Fekk pengar og kunst

Prisen vart delt ut av avtroppande Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Nils R. Sandal. Prisen er eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.

I tillegg fekk Olav eit kunstdiplom av kunstnaren Oddvar Torsheim.

Artistane spelte Stedje

Under Stedjelutt i Sogndal kulturhus spelte artistane sine favorittar frå Stedje si karriere. Blant anna song Tone Damli «Syng meg heim» og «Den fyrste song», Sigrid Moldestad «Svart Rose» medan Liv Kreken gjorde ein versjon av «Ein Nordmann sin draum».

– Det var ein fantastisk hyllest til ein heidersmann. Mange unike flotte versjonar av nokre av dei flottaste melodiane Stedje har gjort i løpet av sine 30 år som plateartist, seier Stian Sjursen Takle.

Høyr konserten i radio

Gjekk du glipp av konserten kan du høyre den på radio måndag føremiddag, eller sjå den i opptak i vårt nett-tv etter kvart.

Lutt er NRK Sogn og Fjordane si satsing på lokalmusikk med blant anna radioprogram, nettside, konsertar, fylkestoppen og prisutdeling.

Under kan du lese juryen si grunngjeving:

Olav Stedje er den første verkelege popstjerna frå Sogn og Fjordane. Då han gjekk til topps på Norsktoppen med ”Ta Meg Med” i 1981, var han ein nasjonal sensasjon.

30 år etter er han like aktuell, like populær, like aktiv og like kompromisslaus på bruken av nynorsk og dialekt – sitt kjære sognamaol.

Som soloartist har Olav gitt ut 12 plater, seks av dei har seld til sølvplate. Han har delteke i Melodi Grand Prix tre gonger og har fått ei rekke prisar. I 1982 fekk han spelmannspris for plata ”Tredje Stedje” og i 1986 vart han heidra med Fylkeskulturprisen.

Olav har betydd mykje for sjølvkjensla, både til sogningar og fjordingar, dei siste 30 åra. Etter 1981 skjedde det noko med bruken av dialekt og nynorsk i norsk popbransje.

Olav var banebrytar. Olav viste veg, og han opna dører for andre artistar. Frå heile landet. Den innsatsen kan ikkje verdsetjast høgt nok.

Men samstundes som han har gjort karriere og suksess i by'n, har Olav Stedje – heile tida fronta identiteten som sogning. Ingen veit kor mange gonger han har spelt på lokale scener opp gjennom desse åra. Åleine eller saman med gode vener.
– ein ekte trubadur som elskar det han driv på med.

Men Olav Stedje er meir enn det – han er rett og slett ein heidersmann. Han er – på alle tenkjelege måtar – både som artist og menneske – eit stort førebilete, og heldigvis har han tenkt å drive på lenge enno.

Juryen si grunngjeving