Stavkyrkje skadd av urin

Urnes stavkyrkje i Luster har fått skader av flaggermusurin, skriv BT. Lenge har flaggermusene budd i kyrkja, og urinen deira inneheld salt, som fører til ein kjemisk nedbryting av det gamle treverket. Urnes er Noregs eldste stavkyrkje og er den einaste stavkyrkja i Noreg som står på Unescos verdsarvliste. Flaggermusene er freda, og no vil dei sette opp kasser som flaggermusene kan bu i i staden.

Urnes stavkyrkje
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK