Stavenes får 2,3 millionar

Det over 100 år gamle lokalruteskipet Stavenes har fått 2,3 millionar kroner i førehandstilsegn for neste år. Frivillege har arbeidd med restaurering i 18 år og i fjor gjekk skipet for første gang sidan 1954 for eiga dampmaskin. No står skrog og innreiing for tur. Skyssbåten Stangfjord får 440.000 kroner i fartøyvern. På landsbasis har Riksantikvaren fordelt 61,8 millionar kroner til freda og verna fartøy.

Stavenes
Foto: Lasse Hiis Bergh