NRK Meny
Normal

Statssekretæren til Høyanger

Det mykje omtala møtet mellom Nærings- og handelsdepartementet og Fundo Wheels i Høyanger, er flytta frå Oslo til industribygda.

Rikke Lind

Statssekretær Rikke Lind i Nærings- og Handelsdepartementet kjem til Høyanger og Fundo Wheels.

Foto: LEIF R JANSSON / SCANPIX

I statsråd Sylvia Brustad sitt fråver, kjem statssekretær Rikke Lind. Det er stortingspolitikar Ingrid Heggø (Ap) som har teke initiativ til møtet .

- Skal diskutere framtida

Lind var fredag kveld ordknapp om møtet og kva ein kan vente kjem ut av det. Fristen bustyret har gjeve seg sjølve på å finne nye eigarar går ut 12. februar.

- Vi skal ikkje anna enn å snakke saman om framtida. Det er betre at vi kjem til Høyanger, enn å be leiinga, tillitsvalde og tilsette komme til Oslo. Vi skal også ha møte med ordføraren, seier ho.

- Umogleg å få pengar

Heggø gjekk fredag sterkt ut mot Innovasjon Norge som ikkje ynskjer å selgje den konkursråka felgfabrikken til ei lokal eigargruppe. Temaet vart også diskuttert på direkten i ettermiddagssendinga . Fellesforbundet meiner at Innovasjon Norge bør la eigargruppa ta over, for å unngå at patenten på hybridhjulet forsvinn utanlands .

- Det er finanskrise og det er umogleg å få inn pengar. Eg har sett planane til eigargruppa, og eg tykkjer dei ser realistiske ut, seier distriktssekretær Oddbjørn Aalen.

- Nye ting er på veg

Kredittsjef i Innovasjon Norge, Nils Roald, avviste torsdag både sal og utleige av felgfabrikken til den lokale gruppa . Direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, held derimot døra på gløtt for eit utlån. Dette er ei løysing Aalen meiner det er knytt lite risiko til.

- Det er nok eit alternativ, og at ein parallelt arbeider vidare med å få inn ein investor. Denne månaden har gått fort. No veit eg at nye skisser og alternativ er undervegs, seier Flatland.

Ikkje lønnsamt

Innovasjon Norge grunngjev avslaget med at dei meiner den lokale eigargruppa med kommunale selskap og tilsette ikkje er sterke nok til varig drift av felgfabrikken. Flatland legg også til at selskapet sidan 2001 har spytta inn store summar for å utvikle både Fundo og felgfabrikken.

- Vi er her for å utvikle lønnsame arbeidsplassar og på sikt er det ikkje lønnsamt å halde fram på kreditor si rekning. Det trengst ein industriell eigar som har kapital og erfaring til å ta dette vidare, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast