NRK Meny
Normal

Statssekretæren kjem til Eid

Statssekretær Dagfinn Sundsbø kjem 24. juli til Nordfjord for å diskutere det ortopediske akuttilbodet ved Nordfjord sjukehus.

Ordførar Sonja Edvardsen

Ordførar Sonja Edvardsen i Eid meiner det er viktig å få drøfta ortopedi-tilbodet med departementet.

Foto: NRK

Statssekretæren kjem i kjølvatnet av striden rundt vedtaket om å flytte 300 operasjonar frå Nordfjordeid og Lærdal til sentralsjukehuset i Førde.

I eit vedtak fredag bestemte Helse Førde-styret at alle pasientar som treng akutt operasjon med narkose må sendast til Førde - sjølv om dei lokale legane er på jobb.

Sundsbø seier til NRK at han kjem til Eid for å lytte, og at han utover det ikkje vil kommentere besøket.

Høyr reportasje: Krisemøte i Nordfjordrådet

Optimisme

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, ser på besøket med stor optimisme.

– Eg ser heilt klart svært positivt på det. Det er viktig for Nordfjord-regionen og innbyggjarane her at departementet blir informert om det som held på å skje i Nordfjord. Vedtaket i Helse Førde vil få alvorlege følgjer for spesialisthelsetilbodet vårt i Nordfjord, meiner ordføraren..

Breidt grunnlag

Det har tidlegare vore uttalt at departementet kom til å involvere seg. Til desse påstandane svara styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, at han trudde den tida var over då regjeringa engasjerte seg i denne typen styresaker.

- Eg set stor pris på at vi framleis har demokratiske prosessar, og at vi har høve til å diskutere ei slik alvorleg og djuptgåande sak for Nordfjord med departementet, seier Edvardsen

– Det er viktig at dei blir informert på eit breidt grunnlag kva som er dei faktiske forhold i prosessen, held ho fram.

- Ikkje ute etter siger

– Ser du på dette som ein liten siger mot Helse Førde-styret?

Eg er ikkje ute etter sigrar, eller slosskampar heller, i den forstand. Eg likar at godt arbeid blir gjort, og er heilt klar på at denne prosessen har gått altfor fort. Det er faglege sterke argument som har kome fram som ikkje er høyrde på nokon måte, seier Edvardsen.

– Difor er det viktig for oss at departementet kjem hit til Eid for å setje seg grundig inn i saka, avsluttar ordføraren.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå