Hopp til innhold

Statssekretær: Folk som lagar kø i juletrafikken burde miste førarkortet på staden

Statssekretær Sveinung Rotevatn (V) i Klima- og miljødepartementet meiner at politiet må ta lappen frå saktekøyrarar som lagar kø.

nGCiJZ0RnJs

UT PÅ TUR, LITT SUR: Statssekretær Sveinung Rotevatn lot seg frustrere kraftig over køkøyring på veg heim til juleferie i Nordfjord.

Foto: Thomas Andreassen / NTB

Miljøpolitikaren frå Eid i Sogn og Fjordane blir sett på som eit av dei store leiartalenta i partiet Venstre, og blir stadig trekt fram som kandidat til framtidige leiarverv.

No har han skapt «Twitter-storm» med utspelet sitt sist laurdag, der han tydeleg frustrert sat i bilen på veg heim til juleferie i Nordfjord.

«Folk som køyrer i 60 kilometer i timen på svingete vestlandsvegar, med 2 kilometer med julekø bak seg, utan å svinge ut, sjølv etter den åttande farlege forbikøyringa – dei burde faktisk miste førarkortet på staden», skriv Rotevatn på Twitter.

Til NRK utdjupar han det slik:

– Det er klart, når ein ligg og slurar nede i 50–60 km/t på det som er ein god veg med 80 som fartsgrense, då blir mange frustrert. Då endar ein opp med farlege situasjonar. Det viktige er i alle fall at dei som ikkje klarer å halde fartsgrensa bør sleppe folk forbi.

– Prat med justisministeren

På Twitter har utspelet til statssekretæren vekt både støtte, motstand og humor.

Tidlegare statsråd, professor Gudmund Hernes, meiner at løysinga på Rotevatn si utfordring ligg nærare enn det han trur.

«Kanskje – sidan det er kort veg, bokstaveleg talt, og du har plass ved Kongens bord bakre rekke – du på vegner av oss alle skulle ta ein prat med Justisministeren eller samferdsleministeren? Berre som forslag til nyttårsforsett.»

Påsketrafikken ned fra fjellet på E16.

LANGE KØAR: Det er mykje trafikk mellom landsdelane no i førjulstida.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Pust med magen

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, seier til NRK at det er høgst uvanleg at nokon mistar lappen for å lage kø bak seg i trafikken.

– Men det er ikkje uvanleg at politiet gjev tilsnakk og prøver å få dei til å sleppe fram folk bak, seier Johannessen.

– Kva er ditt råd til politikarar og andre som blir utolmodige i bilkøen?

– Det er å ikkje late seg verte hissig. I politiet har vi eit omgrep som seier «Ikkje la deg henrive til hissigheit». Pust med magen og ta det litt med ro. Men det er aldri ei god løysing å føreta heilt ville forbikøyringar. Det er livsfarleg.

Trur mange er samde

Sveinung Rotevatn angrar ikkje på at han la ut sin frustrasjon over køsinker på Twitter, sjølv om han nok skulle ønske like mykje merksemd når det er politikk han tvitrar om.

– Det var vel å peike på det eg synest er eit forferdeleg irriterande problem. Det trur eg mange andre meiner også, slår Rotevatn fast.

Laster Twitter-innhold