Hopp til innhold

Vart lova framskunding av Vikafjellstunnelen – statssekretær bryt vallovnad

VIK (NRK): Vikafjellet har vore stengt halvpartane av dagane i vinter. Folk i Sogn er irriterte på regjeringspartia som i stortingsvalkampen lova å skunda fram byggjestarten på ein trygg tunnel gjennom fjellet.

Vêrutsett

VÊRUTSETT: Riksveg 13 over Vikafjellet har vore stengd halvparten av dagane i vinter. Statsekretær Bård Hoksrud (innfelt) kan ikkje seia når pengane til ein ny Vikafjellstunnel kjem på plass.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I vinter har den vêrutsette riksveg 13 over Vikafjellet vore stengd nesten halvparten av døgna (sjå tabell). I tillegg har det vore kolonnekøyring i til saman fem døgn.

Det har mange fått merka.

– Me kjem frå hytta i Vik. Etter at ho nyleg blei ferdig, og i byggjeperioden, har me måtta køyra rundt på rasutsette vegar og brukt over dobbelt så lang tid frå Vik til Bergen, seier ein småbarnsfar som sit i bilen sin i Storehaugstunnelen og ventar på at brøytebilen skal ta han og familien trygt over fjellet i dagens fyrste kolonne.

Endeleg sjukehustime

ENDELEG SJUKEHUSTIME: Olav Turvoll (t.h.) og Fred Olav Mulelid frå Vik veit korleis det er å ha eit lumskt Vikafjell mellom seg og Voss sjukehus. To gonger tidlegare i vinter har Mulelid måtta avbestilla kontroll på sjukehuset på grunn av stengd høgfjellsveg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lange omvegar

Han er ein av mange som forventar at statssekretær Bård Hoksrud (Frp) i Samferdsledepartementet held valløftet sitt, nemleg å skunda fram byggjestarten på ein trygg tunnel gjennom Vikafjellet.

– Me håpar at det er fullt mogleg å koma i gang i 2014-2015, sa Hoksrud 10. juni 2013, dagar før Stortinget vedtok Nasjonal transportplan (NTP).

Kunne ikkje lova noko

BROTNE LOVNADER: Statsekretær Bård Hoksrud (Frp) kunne ikkje seia når pengane til Vikafjellstunnelen er på plass då han vitja Sogn på måndag

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vikafjellstunnelen kom med i NTP, med byggjestart i perioden 2018-2023. Lokalt kjempar dei for å flytta tunnelbygginga fram til 2018 eller tidlegare.

I stortingsvalkampen i 2013 lova både Høgre og KrF dette. På Stortinget er det difor fleirtal for framskunding.

Tidlegare denne veka, halvtanna år etter at Hoksrud kom med ein av valkampens mest konkrete lovnader, køyrde han gjennom Sogn. Statssekretæren kunne ikkje lova å halda valløftet sitt:

– Førebels har me ikkje klart å finna pengar til dette prosjektet.

Kostbar brøyting

Staten brukar kvart vinterhalvår om lag ni millionar kroner på å halda Vikafjellet ope. Pengane går til brøyting, fresing og vedlikehald. Hyppige stengingar råkar næringsliv, hyttefolk og vikjer som til dømes skal på Voss sjukehus. Hoksrud seier han forstår at folk er oppgitt over han:

– Eg skulle gjerne ha funne dei pengane. Me jobbar med det, så får me berre sjå kor raskt me kan få det til.

Brøyter på spreng

BRØYTER PÅ SPRENG: Staten brukar kvart vinterhalvår om lag ni millionar kroner på å halda Vikafjellet ope.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Aukar fallhøgd

Fleire av bilistane i kolonnen på Vikafjellet, som NRK snakka med, meiner at Hoksrud sine brotne vallovnader svekkjer folk si tiltru til politikarane.

Valforskar Anders Todal Jenssen trur veljarane forventar at den moralske læresetninga – «når me lovar ein ting, så skal me halda det» – også gjeld i politikken:

– Politikarane ønskjer å stå fram som folkelege. Difor skal dei vera merksame på kva dei lovar og korleis det blir oppfatta. Spesielt politikarar som hevdar å stå folket nærare enn andre folkevalde, må vera klar over at dei aukar fallhøgda for seg sjølv, seier professoren i statsvitskap ved NTNU.