Hopp til innhold

Statsråden vil ha færre «gull-dassar»

Samferdselsministeren svarar på toalettkaoset i sommar: Ketil Solvik-Olsen (Frp) vil masseprodusera doar og ha færre dyre arkitektteikna toalettanlegg langs norske vegar.

Åpning av Sømmevågen i Sola

LEGG OM DO-POLITIKKEN: – Det er viktigare å ha ein rein rasteplass med eit toalett som fungerer og eit leikeapparat eller to for borna, enn dyr kunstnarisk utsmykking, som me har brukt pengar på så langt.

– Me skal bruka meir pengar på gode toalettfasilitetar, og litt mindre på kunstnarisk utsmykking. Eg vil heller ha fleire rasteplassar i god stand, enn nokre få som er arkitektonisk fascinerande, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

ersfjord

«GULLDASSEN»: Prislappen på dette toalettet i Ersfjord ved den nasjonale turistvegen på Senja i Troms er 3,75 millionar kroner.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Turistmagnetane Lofoten og Sogn, og på Sunnmøre, er nokre av stadane der reisande møtt stengde toalett, eller ikkje toalett i det heile. Bos, dopapir og avføring har i periodar flote rundt toalettanlegga.

Solvik-Olsen har vore den øvste ansvarlege for mange av desse toaletta i fire år. No varslar han ei omlegging av do-politikken:

– Me må velja ein toalettstandard som er bra, men som er billegare. Slik kan me få fleire doar, i staden for nokre få arkitekt-teikna anlegg – «gulldassar» nærast – medan mange andre plassar ikkje har råd til toalett i det heile, seier Solvik-Olsen.

Turistboomen overrumpla

Staten har dei siste åra brukt fleire hundretals millionar kroner på å lokka turistar til dei 18 nasjonale turistvegane i landet, men alle desse pengane har ikkje vore nok til å sikra opne toalett.

Mobiltoalett på Stegastein

TOALETTKAOS: Statens vegvesen måtte i juli setja opp eit mobilt toalett ved det nasjonale turistpunktet Stegastein i Sogn. Dei andre arkitektdesigna vakuumtoaletta gjekk tette.

Foto: Noralv Distad

– Me tok ikkje høgde for at det skulle koma så mange tilreisande, vedgjekk Per Ritzler i Statens vegvesen si satsing «Nasjonale turistvegar», til NRK i juli.

– Det held ikkje å skulda på turistboomen. Planlegginga har vore for dårleg, svara reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Sogn.

– Solvik-Olsen, du har gitt masse pengar til dei nasjonale turistvegane. At turistane då møter stengde toalett, kan verka uforståeleg for mange?

– Me ønskjer ikkje å ha det slik, svarar statsråden.

Virke vil ha begge deler

– Det er positivt at Samferdsleministeren vil ha ein satsing på toalett, men det treng ikkje vere anten eller, meiner Line Endresen Normann, direktør i Virke Reise Norge og kultur.

Ho meiner det ikkje er så mange stilige toalett i landet at det er eit problem. Likevel rosar ho ministeren for å tenke på reiselivet, for det er noko dei har etterlyst i samferdslepolitikken.

– Turismen i landet er aukande. Då er det trist at dei blir møtt av gamle og stengde toalett.

Færre «gulldassar»

– Eg er sjølv ein glad bilturist og ønskjer at det skal vera gode, fine plassar å stoppa på, og ikkje minst skal toaletta vera attraktive. Dette er ein del av det inntrykket me skapar for turistane, og då kan me ikkje ha stengde - eller gamle og skitne - toalett.

Toalettpapir i naturen - Stegastein

BAKSIDA AV TURISTSUKSESSEN: Ved det populære utkikkspunktet Stegastein på den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet i Sogn har dopapir flote i naturen i periodar i sommar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Kva vil du gjera?

– Me har i Nasjonal transportplan lagt opp til å byggja ut rasteplassar og toalett. Me kjem til å bruka meir pengar på dette. Dessutan har denne regjeringa auka vegbudsjettet med 10 milliardar kroner i løpet av dei siste fire åra, og det gir meir rom for vedlikehald og å byggja nytt.

– Når de har bruk meir pengar på veg, kan det verka paradoksalt at noko så lite kostbart som toalett ikkje fungerer mange plassar?

– Ja, eg er heilt samd. Eg har teke dette opp med Statens vegvesen at toalettfasilitetane ikkje er gode nok. Me må finna ein frekvens som er betre. Me bør òg vurdera om me kan masseprodusera doar, som kan få prisen ned, men likevel ha ein funksjonalitet som folk tykkjer er bra.