Hopp til innhold

Statsråden har svart: Jau, politiet skal følgje både mållova og forvaltningslova

Beredskaps- og justisminister Anders Anundsen er klar på at politiet skal rette seg etter både forvaltningslova og mållova, så langt den gjeld. Det gler Jens Brekke stort.

Justisminister Anders Anundsen

SKAL FØLGJE: Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen er klar på at politiet skal følgje mållova og forvaltningslova så langt den gjeld.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg oppfattar jammen meg at han har svart på nynorsk. Du og du. Det er nesten slik at ein må ta hatten i handa og bukke. Då er det håp for framtida, seier ein nesten mållaus Jens Brekke.

Brekke fekk i mai i fjor eit førelegg på 7.000 kroner for å ha tent bål utan løyve. Brekke gav beskjed, både til Sogn og Fjordane politidistrikt og Statens innkrevjingssentral at han ikkje kom til å betale før han fekk bota på nynorsk.

Statens innkrevjingssentral har no droppa alle purregebyr og varsel om tvangsinndriving, berre han betalar den opphavlege bota på 7.000 kroner.

Men trass i at det er åtte månadar sidan Brekke fekk førelegg, har han framleis ikkje fått bota på nynorsk. Han har heller ikkje fått svar frå Sogn og Fjordane politidistrikt på nokon av breva han har sendt, noko som er eit klart brot på forvaltningslova.

Skal rette seg etter mållova

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete stilte difor justisminister Anundsen skriftleg spørsmål om han ville sjå til at politimeisteren i Sogn og Fjordane rettar seg etter mållova og forvaltningslova, at Brekke skulle få svar innan rimeleg tid, og at politimeisteren skal følgje praksisen vidare.

Til det svarar Anundsen: Politiet skal retta seg etter forvaltningslova og mållova så langt den gjeld. Eg legg såleis til grunn at politiet følgjer reglane i desse lovene – både no og i framtida.

Brekke har ikkje i farten talet på kor mange breva han har sendt til Sogn og Fjordane politidistrikt, utan at han har fått eit kløyva ord i retur.

Jens Brekke

HAR TRUA: – Eg trur det løyser seg til slutt, seier Jens Brekke.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

– Det har vorte nokre år. Eg har drive på med dette i over eit halvt år. Så forvaltningslova er grundig broten, seier Brekke.

... men politiet syner til Sivilombodsmannen

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, syner til politiinspektør Bjørn Larsen på spørsmål om kvifor politiet har brote forvaltningslova.

Og Larsen svarar slik:

– Sissel Kleiven (jurist, red. mrk.) har sagt ho skal omsetje det han har krav på, når ho har tid. Men det har ikkje vorte prioritert sidan ho har hatt det travelt, seier Larsen.

Når det gjeld Brekke sitt krav om å få bota på nynorsk, held Larsen fast på at han held seg til ein uttale frå Sivilombodsmannen frå 1994 i ei liknande sak. Her heiter det at rettargangsverksemd er eit område der mållovsreglane ikkje gjeld.

Bjørn Larsen

NEI: Politiinspektør Bjørn Larsen vil ikkje la Brekke få førelegget på nynorsk, og tviheld på Sivilombodet si tolking av mållova frå 1994.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Meir har ikkje eg å seie om det, seier Larsen.

Brekke er likevel viss på at saka no er nærare ei løysing enn nokon gong.

– Statsråden seier det rett ut. Politiet har gøymt seg bak Sivilombodsmannen, men eg meiner han ikkje har noko med dette å gjere, seier Brekke.

No er sogningen Jens Brekke i krangel med påtalemakta igjen.

TOLMOD: Det tok sju år for Jens Brekke å få fartsbota si på nynorsk. Foto: Halvor Farsund Storvik

Spring ikkje til postkassen

Likevel er han såpass realistisk at han ikkje ventar at noko brev eller bot vil dumpe ned i postkassen heilt med det same.

I 1987 var han oppe i ein likande kamp. Den gongen ville han ha fartsbota si på nynorsk. Det tok sju år.

– Det blir spennande å sjå om det skjer noko. Men eg er van til at det tek tid. Eg trur ikkje eg spring til postkassen. Det tek nok si tid, seier Brekke.