NRK Meny
Normal

Statrådar lovar pengar til øydelagde vegar etter orkanen

Regjeringa lovar i dag pengar til orkanråka kommunar i Sogn og Fjordane.

Liv Signe Navarsete og Magnhild Meltveit Kleppa

LOVAR HJELP: Kommunalminister Liv Signe Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa seier at staten skal hjelpe økonomisk.

Foto: Håvard Holme / NRK

– Staten skal bidra når det blir så tunge kostnader som etter denne orkanen, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Orkanen Dagmar har gjort store skadar og innbyggarane vil ha rassikre vegar. Vegane i fylket er øydelagde for 120 millionar kroner etter uveret. Mange av øydeleggingane er akutte og må reparerast med ein gong.

I dag kom Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa på synfaring til Nordfjord for sjølve sjå skadane etter orkanen "Dagmar". Dei besøkte Stryn, Gloppen, Eid og Hornindal og var mellom anna ved Flostranda der ungdommar heldt på å hamne i vatnet då det kom fleire ras.

Ønskjer tunnel

Den fylkesvegen som blir dyraste å fikse, er fv 664 mellom Grodås og Otterdal i Hornindal kommune. Her ser ein førebels for seg ein sum på 30 millionar kroner åleine. Ein tunnel vil truleg koste om lag 200 millionar.

Ordførar i Hornindal, Anne Britt Nygård, gav klar beskjed til samferdsleministeren.

– No må vi gjere noko. Innbyggjarane må ha veg, og eg meiner det einaste sikre vi kan gjere, er å lage ein tunnel gjennom fjellet. Ein annan moglegheit er å lappe på vegen som er, men då veit vi ikkje kor lenge det går til neste ekstremvêr kjem. Eg håper vi kan få nokre signal på korleis de tenkjer framover, seier ho.

Vil hjelpe til

Dei to statsrådane kom med klare signal om at staten vil hjelpe kommunane som er råka av orkanen, over kneika. Og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa er samd i at bygda må ha veg.

– Det er ein fylkesveg, men vi kan ikkje forvente at kommunane eller fylkeskommunen tek på seg dette åleine. Det er fleire kommunar som er råka og som har ei krevjande utfordring framover. Vi er her i dag for å skaffe oss oversikt. Det er spesielt å ha vore her og sett korleis vegen ser ut, seier Kleppa.

Veit enno ikkje kor mykje

Kommunalminister Liv Signe Navarsete seier også at staten må vere med å bidra.

– Vi må diskutere korleis vi fordeler utgiftene. Staten må vere med å bidra når fylka får så tunge kostnader etter denne stormen. Det har vi også gjort ved tidlegare store naturkatastrofar.

Men Navarsete ville ikkje kome med konkrete beløp på kva staten vil dekkje.

– Det er ein diskusjon vi får komme tilbake til. Endå har vi ikkje oversikt over kor store kostnadene er og alt det må vi komme tilbake til. Men det er klart vi skal bidra.

Lovar satellittelefonar

For besøket i dag gjorde eit sterkt inntrykk på ho. Det å vere isolerte utan veg, straum og telefon er ei stor påkjenning.

– Eg tenkjer på den utryggleiken folk må ha hatt. Det er viktig å høyre frå dei som har opplevd dette. Eg vil ta med tilbake til regjeringa slik vi kan diskutere korleis vi kan betre beredskapen når dei gjeld straum, veg og telefonnettet.

Som eit strakstiltak, skal kommunar som treng det få satellittelefon.

– Fylkesmennene får kompensert for kostnadene ved å plassere ut satellittelefonar i kommunar som har behov og som allereie ikkje har ein slik telefon. Det er ei enkel forsikring for å sikre kommunikasjonen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå