Hopp til innhold

Statsministeren på plass i Lærdal - er budd på sterke inntrykk

LÆRDAL (NRK.no): Statsminister Erna Solberg er i morgontimane kommen til Lærdal sjukehus. Ho er budd på sterke historier og opplevingar når ho seinare i dag skal besøke brannruinane.

Erna

PÅ PLASS I LÆRDAL: Statsminister Erna Solberg vart møtt av ordførar Jan Geir Solheim då ho kom til sjukehuset i Lærdal. Her skal ho i møte med kriseleiinga i kommunen. Deretter skal ho vitje skulen og møte elevar og lærarar. Så skal ho vidare og sjå på brannstaden, før ho skal i møte med dei friviljuge og brannmannskapa.

Statsminister Erna Solberg blei møtt på sjukehustrappa av ordførar Jan Geir Solheim.

– Det er alvorstungt å komme her i ein slik situasjon, sa Solberg til reporterane som straks omringa ho då ho steig ut av bilen.

Allereie på trappa forsikra ho ordføraren om at staten vil stille opp med pengar til gjenoppbygginga.

– Det viktigaste no er at kommunen definerer kva som trengst, i samarbeid med fylkesmannen, sa Solberg.

Etter å ha møtt kriseleiinga og pasientar inne på sjukehuset sa ho at ho var imponert over korleis kommunen har takla krisa.

– Krisehandsaminga ser ut til å ha vore god, og kommunen har gjort ein veldig bra jobb. Det har og vore godt samarbeid med nabokommunane. Vi har og sett at dugnadsånda er sterk og folk er flinke til å hjelpe.

Men ho sa og at ho var klar over at det er sjokkarta for folk når heimen brenn ned: – Brann er forferdeleg. Det er ikkje berre ein skade, men og at store deler av minna til ein familie går tapt.

Brann er forferdeleg. Det er ikkje berre ein skade, men og at store deler av minnene til ein familie går tapt.

Statsminister Erna Solberg i Lærdal 20.01.2014

Frå sjukehuset gjekk turen til møte med skuleborn og lærarar på skulen. Deretter skal Solberg sjå sjølve brannstaden og møte friviljuge brannmannskap.

– Eg har sett bilete av ruinane, og eg reknar med at det framleis luktar sterkt av brann, så eg er budd på at det vil bli eit vanskeleg syn.

Ho seier ho først og fremst vil vere til stades og lære meir om opplevingane som både folk og kommunen, krisemannskap og alle dei frivillige har hatt.

Bygge opp att bygda

Erna Solberg i Lærdal

Statsministeren på omvisning på ei av branntomtene.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK

– Det er viktig å vere der og sjå med eigne auge for å sjå korleis biletet av Lærdal er etter ei så stor katastrofe. Så skal vi samarbeide med kommunen med hjelp til å bygge opp att dei delar av infrastrukturen som no er øydelagt som er det offentlege sitt ansvar.

I går heidra statsminister Erna Solberg dei mange som hadde gjort ein innsats i Lærdal og viste til at det var mange heltar i brannen.

– Det var mange som bidrog til at det heldigvis ikkje var nokon som omkom. Det er ein prestasjon i den eksplosive brannen som var. Det viser at folk har lytta til beskjedar, og folk har stilt opp for kvarandre. Det har vore ein enorm dugnadsinnsats frå nabokommunane for å hjelpe og stille opp med kompetent fagpersonell. Det må heilt sikkert fortsette framover.

– Kva kan Regjeringa gjere for å hjelpe dei heimlause?

– Først og fremst må kommunen planlegge og skaffe seg oversikt over kvar ein kan innkvartere folk. Så er det viktig at infrastrukturen som er øydelagt vert reparert.

Vil lære av katastrofen i Lærdal

Statsministeren vil ta lærdom av katastrofen i Lærdal. Solberg viser til at det er viktig å vite kva ein kunne ha hindra.

– Det er klart at når nettet brenn opp så er det ein spesiell situasjon enn vi har hatt tidlegare. Oftast er det straumen forsvinn det største problemet og ført til at mobilnettet har gått ned.

– Vi skal lære av kvar ulukke for å gjere samfunnet meir robust. Alle må lære av det som har skjedd i Lærdal. Vi skal vere godt rusta, og alle skal lære. Men det verkar som om brannvesenet i Lærdal har gode planar for å handtere ein brann.

Brannen i Lærdal skjer på eit tidspunkt der det går ein diskusjon om kor store vaktdistrikt ein skal ha i politiet, og beredskap ein skal ha i Sogn og Fjordane.

– Alle ulukkene og hendingane i området den siste tida viser at det er viktig å ha lokal kunnskap. Samstundes er det viktig at vi har ein beredskap som kjem raskt og at vi brukar ressursane der vi får best beredskap.

– Det er slike avvegingar vi må gjere når vi skal sjå på organiseringa av beredskapsetatane og akuttfunksjonane.

Overlegen: – Dei ramma sette pris på statsministerbesøk

Erna Solberg møtte fleire røykskadde offer for katastrofebrannen på Lærdal sjukehus. Overlege Geir Berge Øverland, som og er varaordførar, meiner katastrofen viser behovet for lokalsjukehuset.

– Det er fantastisk fint at du stiller opp, sa overlege Geir Berge Øverland då Erna Solberg forlét sjukehus.

Statsminister Erna Solberg hadde da vore inne i ein dryg time på lokalsjukehuset som lenge har vore nedleggingstrua til like som andre sjukehus rundt om i distrikta.

Inne på sjukehuset fekk Solberg saman med ein større delegasjon orientering frå heile kriseleiinga som har handtert den brutale brannen i Lærdal. Blant anna orienterte politi, brannvesen og fylkesberedskapssjef.

– Både statsministeren og justisministeren har vist stor interesse og innsikt det som har skjedd. Eg opplever det som særs positivt at dei viser at dei bryr seg, seier overlege Øverland til NRK etter møtet.

Møtte brannoffer

Inne på sjukehuset fekk Solberg mellom andre møte brannoffer som har røykskadar etter storbrannen.

– Dei sette stor pris på at ho helste på dei, seier Øverland.

– Kva tenkjer du om at statsministeren kjem hit og helsar på i ljos av debatten rundt lokalsjukehuset her?

– Akkurat at statsministeren kjem på besøk veit eg ikkje om har så stor betydning i den samanheng. Eg meiner likevel at katastrofen her i Lærdalsøyri og den førre katastrofen med brannen i Gudvangatunnelen har vist at det er eit stort behov for lokalsjukehuset, understrekar han.

På veg ut av sjukehuset fekk Erna Solberg og spørsmål om lokalsjukehuset i Lærdal som har vore truga av nedlegging.

– Etter tre alvorlege hendingar, er ikkje dette eit sjukehus som det er viktig å behalde?

– Det er klart vi skal ha lokalsjukehus over heile landet. Her har sjukehuset fungert både som skadestove og som samlingsstad for lokalsamfunnet, sa Solberg før ho hasta vidare.