Hopp til innhold

Statsministeren møtt av rasande pelsdyrbønder – standhaftig statsminister gler dyrevernarane

SANDANE (NRK): – Det er lett å seie at vi skal omstille oss. Men kva skal vi omstille oss til?

Pelsdyrbønder demonstrerte i Gloppen då Erna Solberg kom på besøk. Atle Roger Evebø (i midten) og Nils-Magne Gjengedal.

RUIN: Atle Roger Evebø (i midten) har halde på med pelsdyrproduksjon sidan 1991, men pelsdyrfarmen har vore i familien sidan 1926. Nils-Magne Gjengedal (t.h.) med kvit kåpe.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

  • Saka er oppdatert med reaksjonar frå Dyrevernalliansen

Spørsmålet retta pelsdyrbonde Atle Roger Evebø, og fleire pelsdyrbønder med han, til statsminister Erna Solberg (H) då ho i dag vitja Gloppen.

Bøndene demonstrerte mot avgjerda om å tvangsavvikle med lov den over 90 år gamle pelsdyrnæringa. Kompensasjonen er 500 millionar kroner.

– Eg vil sitje att med så mykje gjeld, at eg må selje huset for å rydde og sanere farmen. Eg vil ikkje ha eigenkapital til å omstille til annan næringsaktivitet. Dette er ein hån mot pelsdyroppdrettarane, seier Evebø.

Demonstrerte i pelsjakke

Pelsdyrbøndene møtte statsministeren med plakatar utanfor Gloppen omsorgssenter. Dei protesterte både mot vedtaket og kompensasjonen som regjeringa vil gi for å avvikle pelsdyrnæringa innan 2025.

Nils-Magne Gjengedal i Sogn og Fjordane Bondelag, stilte i lokalprodusert pelsjakke.

– Tenk på arbeidet, eigeninnsats, tid og krefter bøndene har lagt ned på å byggje opp dette. Dei må ha skikkeleg kompensasjon. Rapportar viser at det vil koste over to milliardar å leggje ned ei slik fantastisk næring, seier han.

– Stor politisk støtte

Statsministeren møtt av pelsdyrdemonstrasjon

LYTTA: Nils-Magne Gjengedal (t.h.) deltok i demonstrasjonen fordi han meiner pelsdyrhald er ei viktig form for landbruk i distrikta.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Statsministeren lova å ta med seg innspela, men var klar på at politikken ikkje blir endra.

– Eg forstår at det er vanskeleg når ein blir utsett for ei slik omstilling, men det er også stor politisk støtte for at vi må ta dyrevernsproblematikken på alvor. Pelsdyr i bur er ikkje noko Noreg vil ha framover, seier ho.

– Er det aktuelt å gi meir pengar?

– Vi har levert eit forslag til Stortinget som gir meir pengar enn det forslaget som var ute på høyring.

– Kompensasjonen er raus

Kommuniksasjonsrådgiver Kaja Ringnes Efskind i Dyrevernalliasen.

NØGD: Kommunikasjonsrådgjevar Kaja Ringnes Efskind i Dyrevernalliansen er nøgd med at Erna Solberg var klar på at politikken ikkje blir endra.

Foto: Dyrevernalliansen

Næringa er i høgste grad omstridd og har i mange år vore under press. Kommunikasjonsrådgjevar Kaja Ringnes Efskind i Dyrevernalliansen er glad for at Statsministeren står fast på at avviklinga er av dyrevernmessige grunnar.

Ho viser også til at mesteparten av dei 1.287 farmane sidan toppåret i 1999, er borte.

– Det er dårlege tider i pelsdyrnæringa, og dei siste åra har det vore vanskeleg å få omsett skinna, seier Efskind og meiner næringa har slite med dårleg økonomi.

– Difor meiner vi i Dyrevernalliansen at kompensasjonen som regjeringa legg opp til er rausare enn det oppdrettarane sjølve framstiller det som, legg ho til.

– Omstille til kva?

I dag produserer 168 norske gardar pelsskinn av mink, blårev og sølvrev.

Sjølv om seks år er god tid til å omstille seg, så forstår ikkje Gjengedal kva bøndene skal omstille seg til.

Pelsdyrbønder demonstrerte i Gloppen då Erna Solberg kom på besøk

DEMONSTRERTE: Slik vart statsminister Erna Solberg (H) møtt då ho starta rundreisa i Nordfjord på Sandane i dag.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Vi har nok mjølk, nok kjøt, nok sau, nok gris. Kva er anna næring? Det einaste er eigentleg frukt og bær, men også der byrjar vi å få nok. Ikkje kan ein dyrke frukt alle stader det er pelsdyrfarm heller, seier han.

Lovleg å selje – ulovleg å produsere

Gjengedal meiner det er eit paradoks at det skal vere ulovleg å produsere, men lovleg å selje pels.

Han viser også til at pelsdyr er ei viktig distriktsnæring.

– Eg vil misse ei binæring som pelsdyrinseminør, men det er ikkje meg det er verst for. Det er verst for dei som ikkje har anna produksjon. Dei som har hatt pelsdyr som binæring og i verste fall må flytte frå gardane, seier han.

Fryktar ruin

Det er det Evebø fryktar blir følgjene for han om han må avvikle den nær over 90 år gamle pelsdyrgarden.

– Det er ikkje snakk om å omstille seg. Mange oppdrettarar blir sitjande att med ei restgjeld så dei aldri kjem seg vidare i næringslivet. Ikkje har vi krav på godtgjersle frå Nav heller. Det blir total ruin, seier han.

– Kvifor skal Staten betale for at du skal slutte med pelsdyr?

– Dei har bestemt seg for å leggje ned ei lovleg næring og det må utan tvil erstattast. Dei kan ikkje gruse på slik dei vil.