Og Gulen-ordføraren vil no altså invitere byråkratane i departementa på lengre besøk i kommunane rundt om i landet. I samband med arbeidet i lokaldemokratikommisjonen har Trude Brosvik no føreslege og fått gjennomslag for ei ordning der dei skal hospitere i kommunane for å få betre kjennskap til korleis staten sin politikk verkar i praksis.
Auka tillit
Brosvik trur også ei slik hospiteringsorning kan auke tilliten og forståinga mellom kommunepolitikarane og departementa, men framleis står det att litt før ordninga vert realitet.
- Positivt tiltak
Og ekspedisjonssjef i Kommunaldepartementet, Eivind Dahle, seier dei har prøvd ut ei slik ordning, og synes det er eit positiv tiltak. Sjølv var han fire månadar i Vestby kommune.
- Ikkje tvang
Men Dahle vil ikkje ha ei regulering av hospiteringa slik at alle byråkratane er nøydde ut i kommunane. Og Gulen-ordførar Trude Brosvik kunne også godt tenke seg å snu på ordninga, slik at ho kunne vore med på arbeidet i departementa.