Hopp til innhold

Her er statsbudsjettet for Sogn og Fjordane

Vesle Gaular kommune er budsjettvinnar i Sogn og Fjordane. Dei får 225 millionar kroner til ny E39 utanom sentrum, i tillegg til at dei er den kommunen som får størst auke i løyvingane til drifta.

Høgskulen og oppstart anlegg E39

BUDSJETTVINNARAR: Gaular kommune er budsjettvinnar i dagens forslag til statsbudsjett. Kommunen får også ferdig Dregebø–Grytås og Birkeland–Sande.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK / Svein Reidar Dale, Vegvesenet

Les heile budsjettet for Sogn og Fjordane her.

– Det er mange viktige saker som burde vore nemnde og skulle hatt løyvingar i forslag til statsbudsjett. Det er jo ein litt spesiell situasjon i og med at vi legg fram budsjettet og samstundes søkjer avskjed, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

– Dette blir jo vårt siste budsjett, samstundes kjem det ei ny regjering som kan gjere endringar.

Dagens statsbudsjett meiner ho er viktig føring for neste års budsjett. I 2005 overtok dagens regjering statsbudsjettet frå dåverande Høgre-regjering.

– Det er trass alt avgrensa kor mange endringar ein gjer på ein to – tre veker når den nye regjeringa legg fram sitt budsjett.

(Saka held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete

SPESIELT BUDSJETT: Kommunalminister Liv Signe Navarsete legg fram budsjett samstundes som regjeringa søkjer avskjed.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Høgskulen

Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått auka løyvingane slik at dei kan utvide med 42 nye studieplassar

I tillegg får høgskulen også utvida løyvingane såpass mykje at dei kan få fullført siste byggetrinnet, som har stått på vent ei stund.

– Det blir opp til høgskulen og velje konsept. Om dei vil gå vidare med å overta gymnasbygget eller om dei vel noko anna. Det er det høgskulestyret som skal bestemme saman med statsbygg. Men no er i alle fall midlane på plass og ein kan gje full gass på planlegging, seier Navarsete.

Kommuneøkonomi

– I vårt forslag til statsbudsjett har vi lagt inn ein god vekst til kommunane. Vi har ei ramme på 7,7 milliardar kroner. For Sogn og Fjordane er det anslått samla sett ein nominell vekst i frie inntekter på 4,3 prosent, dei same makrotala er på frie inntekter er 5,2 milliardar på landsplan.

Det er utruleg viktig at kommunane kan halde fram å byggje ut tenestetilbodet sitt, både når det gjeld eldreomsorg, barnehagar, skular, barnevern og alt det andre kommunane har ansvar for. Det er klart at enkelte kommunar opplever uansett ramme, at det er trongt økonomisk. Det gjeld spesielt kommunar som har nedgang i folketalet og mister innbyggjartilskot.

– Desto viktigare er dei får behalde småkommunetilskotet som vi har innført og behalde skatteutjamninga vi har innført, og at ein no ikkje går motsett veg av det som tener kommunane i Sogn og Fjordane. Det blir spennande å sjå kva politikk ein får for kommunane i tida framover.

Gaular er budsjettvinnar

Den kommunen i Sogn og Fjordane som får best økonomi etter at forslaget til statsbudsjettet er lagt fram er Gaular kommune.

– Dei får ein vekst på heile 8,8 prosent, Balestrand har lågast vekst. Men eg har ikkje gått inn og sett på årsaka til det. Men det er ofte knytt til opp eller nedgang i folketal, eller at ein får fleire eller færre eldre.

(Saka held fram under biletet)

Mathias Råheim

VINNAR: Ordførar i Gaular, Mathias Råheim, er budsjettvinnar i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dei eldste eldre får ofte store utslag i dei mindre kommunane. Ellers er det store variasjonar. Men snittet er ein vekst på 4,3 prosent. Så er det eit spenn heilt frå 2,7 til 8,8 prosent vekst.

– Veksten vi legg inn skal dekke endringar i folkesetnaden – at vi blir fleire, eldre eller yngre – dei som skal ha tenester i kommunane. Det blir spennande å sjå om det blir ein reform eller om det blir endringar i grensene, men eg håpar ikkje ein gjer det med å kutte i kommuneøkonomien for dei minste kommunane. Det er ein elendig måte å tvinge fram kommunestruktur på, då er det betre å gjere eit reinhårig vedtak på at ein vil endre grensene.

Samferdsle

Forslaget til statsbudsjett får og fleire positive ringverknader for Gaular kommune. Regjeringa har sett av 225 millionar kroner i 2014 til bygging av ny E39 gjennom deler av kommunen, mellom Vadheim og Sande. Mellom anna skal stamvegen leggasut utanom Sande sentrum. Vegen skal stå ferdig i 2016.

Vidare er det sett av 150 millionar kroner til å halde fram utbetringsarbeidet over Filefjell på vestsida. I tillegg er det også sett av pengar til å halde fram arbeidet på austsida av fjellet.

– Bygging av ny Loftesnesbru på riksveg 5 i Sognda skal starte neste år. Det er og eit viktig prosjekt. Det skal sikrast fotgjengarovergangar mange stadar i fylket. Så det er fleire mindre vegprosjekt som får midlar i forslaget til statsbudsjettet, forklarar Navarsete.

Også ombygginga av Lavik ferjekai på E39 er inne. Her skal løyvingane gå til å vidareføre ombygginga med sikte på at prosjektet skal opnast for trafikk i 2014.

– Det har vore ein stor vekst i samferdsleløyvingane, det ser vi på prosjekta som er i gang. Og det er utruleg viktig at vi får fortgang i E39 som verkeleg treng å bli rusta opp.

Ikkje E39-avklaring

Det vert ikkje sagt noko om kvar bruene skal krysse Nordfjord.

– Det må komme når Statens vegvesen skal lage sine planar. Dei skal komme med sine handlingsprogram. Eg beklagar at vi ikkje har klart å lande den saka i regjering. Men vi får jobbe vidare med det frå Stortinget dei av oss som skal dit, for å få den traseen som vi meiner er mest teneleg for fylket vårt.

Også Kvivsvegen ligg inne i budsjettet med 18,9 millionar. Midlane skal gå til restarbeid og sluttoppgjer.

– Så er det Stad skipstunnel som får pengar til planlegging. Her ligg og pengar til fiskerihamner, til farleier, mellom anna i Bremanger. Der skal ein iverksette arbeid med utdjuping av innsegling til Svelgen. Det same skal gjerast i Florø. I Askvoll er det pengar til fiskerikai på Herlandsvik.

– I tillegg ligg det 106 millionar kroner til regional utvikling som stort sett er næringsutvikling som blir ført over til fylkeskommunen, men som ein del av det går vidare til Innovasjon Noreg og næringsutvikling av heile fylket. Det er også ei viktig satsing som ikkje får så stor merksemd men som betyr mykje for dei som får hjelp i ein oppstartfase eller til utviding av bedrifta si.

Sukkeravgifta

– Vi stadfestar at vi skal ta vekk avgifta på dei produkta som har eit forholdsvis lågt innhald av sukkerartar. Eg skal gå i gang med ein prosess saman med industrien for å finne dei grenseverdiane ein skal bruke og korleis ein skal kunne kontrollere det på ein god måte.

– Men det er bestemt at produktavgifta skal takast ned på dei produkta som har lågast sukkerhandel og som har minst 50 prosent råsaft. Det har vore Lerum sitt ønskje og som eg er veldig glad for at vi har funne ei løysing på.

Kultur

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får auka tilskotet med 1,1 millionar kroner. Tilskotet blir dermed nærmare 6,6 millonar kroner i 2014. Av tilskotet er 150 000 knytt til grunnlovsprosjektet.

(Saka held fram under biletet)

Le Vent du Nord frå Quebec i Canada

KULTURVINNAR: Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får 1,1 millionar kroner i auka løyvingar. Dermed får festivalen totalt 6,6 millionar kroner.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Opera Nordfjord får også auka tilskotet med 0,3 millionar kroner. Samla får dei 3,7 millionar.

Musea i Sogn og Fjordane får auka driftstilskotet med 4,2 millionar kroner. Auken omfattar ei auke i husleiga på 3,3 millionar kroner til det nye bygget til Reiselivsmuseet i Balestrand.

Vestnorsk filmsenter får ei auke på 0,39 millionar kroner og med 88 000 kroner til filmfondet Fuzz.