Hopp til innhold
Statsbudsjettet 2016
Foto: Montasje: NRK/Scanpix

Statsbudsjettet 2016 S&Fj

Oppsummert

NRK Sogn og Fjordane gir deg alle detaljane frå regjeringa sitt forslag til statsbudsjett som gjeld Sogn og Fjordane. Her får du oppdateringar i form av korte meldingar og artiklar.

  • Tek opp kampen mot sentralisering

    KrF og Venstre vil kjempe imot sentralisering av skatteinnkrevjinga. Det er eitt av tiltaka regjeringa har fremja i framlegget til nytt statsbudsjett. Det er berre få månader sidan Stortinget avviste å flytte skatteinnkrevjinga frå kommunane til staten.

  • Liten auke for høgskulen

    Høgskulen i Sogn og Fjordane får ei ramme på 377 millionar kroner i statsbudsjettet for 2016. Dette tilsvarar ei auke på 3,9 % i forhold til 2015. Vi har fått ei auke på 3,2 mill kr som følgje av fleire avlagde studiepoeng. Når studentane lykkast, gir det utteljing for HiSF, skriv høgskulen i ei pressemelding. Skulen er likevel skuffa over at dei ikkje har fått tildelt nokon nye stipendiatstillingar.

Laster Twitter-innhold