Anleggsarbeidar Miguel Farlora og ein advokat frå Sogn og Fjordane køyrte begge forbi fotoboksen i Lærdalstunnelen i 126 kilometer i timen. Medan advokaten slapp å møte i retten og fekk ei bot på 6000 kroner, måtte anleggsarbeidaren møte i retten. Der fekk han ei bot på 8000 kroner og 14 dagar i fengsel. Påtalemakta har motteke kritikk for denne vurderinga. Miguel Farlora meiner han er blitt urettferdig handsama.
No vil statsadvokat Jan Hoel forfølgje saka. Sakene kan ikkje bli tekne opp att. Men Hoel vil undersøkje om påtalemakta har drive forskjellsbehandling.