Hopp til innhold

Statsadvokat: – Det er heilt klart ei utfordring at vi står utanfor EU

FØRDE (NRK): Det ville vore mykje enklare for politiet å få tak i folk på rømmen om Noreg var ein del av EU. Det meiner statsadvokat Rudolf Christoffersen.

Rudolf Christoffersen i tingretten i Førde

LANG ERFARING: Statsadvokat Rudolf Christoffersen er mellom anna Noreg sin representant i det internasjonale ekspertpanelet i Europarådet mot menneskehandel.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I mange år har Christoffersen jobba med saker som forgreinar seg langt utanfor landet sine grenser. Han er den politijuristen som har ført flest saker om menneskehandel for norske domstolar.

Denne veka er han aktor i ei sak der tre austeuropeiske menn er tiltalt for gruppevaldtekt i Sogndal mot ei kvinne frå Hordaland.

Den eine av dei tre rømte landet lenge før rettssaka starta og er internasjonalt etterlyst.

– Han er mest truleg på flukt i heimlandet sitt, seier Christoffersen til NRK.

Etterlyst internasjonalt

Men sjølv om mannen er etterlyst, er det slett ikkje sikkert at han blir arrestert og stilt for retten i Noreg. EU-landa har langt betre samarbeidsavtalar, meiner Christoffersen.

– Det er heilt klart ei utfordring at vi står utanfor EU. Det er alltid ei problemstilling i slike saker at vi ikkje inngår i det tette samarbeidet som dei har mellom EU-landa, seier den røynde statsadvokaten.

Noreg har i dag politisamarbeid gjennom europeiske organ, og sender etterlysingar ut over heile verda gjennom Interpol. Det gjeld også for mannen som er tiltalt for gruppevaldtekt.

– Eit klart vilkår for å etterlyse nokon internasjonalt er at det er ei svært alvorleg straffbar handling. Det gjeld denne saka. Og at vi har legg grunn til at personen skal førast for retten her i Noreg, seier Christoffersen.

Noreg har til ei kvar tid fleire internasjonale etterlysingar i politi-systemet. Dette blei mellom anna brukt i jakta på drapsmannen Makaveli Lindén, som no sit fengsla i Frankrike.

– Veldig godt i Europa

Han presiserer at det han seier ikkje er noko innlegg i EU-debatten, men ei erfaring han har gjort seg gjennom mange år i påtalemakta.

– Det internasjonale politisamarbeidet er sterkt og det er veldig godt i Europa. Eg har ei klar forventning om at vi gjennom dette samarbeidet vil lukkast å arrestere han på eit tidspunkt.

Heile denne veka skulle mannen ha vore i tingretten i Førde, men sett vekk frå ein telefonsamtale med forsvararen, er det ingen som har hatt kontakt med han sidan blei sleppt fri frå varetekt i fjor sommar.

– Han vil ikkje møte i retten fordi han er redd han blir dømt fordi han er utlending, sa forsvarar Stig Nybø til NRK måndag.

I retten var det dei to andre tiltalte som forklarte seg tysdag. Dei er brør, og har vidt ulike forklaringar på kva som skjedde natt til 6. februar 2019.

Innrømma valdtekt

Den yngste av brørne innrømma i vitneboksen at han hadde samleie med kvinna som hevdar at ho blei valdteken av tre menn.

Han hevda at det var mannen som no er på flukt som oppmoda han om å gå inn på rommet og ligge med kvinna som ikkje var i stand til å forsvare seg.

– Det var ikkje rett gjort, eg ville aldri ha gjort noko om ho sa nei. Eg angrar, sa mannen.

Dei tre mennene risikerer opp til 21 år i fengsel. Kor mange år aktor vil krevje, kjem ikkje fram i retten før komande måndag.

–– Det vil jo i denne typen saker, som i alle saker, vere både skjerpande og formildande omstende, men så har jo lovgjevar og Høgsterett gjeve eit klart signal om at valdtekt skal straffast strengt. Så det er naturleg at min påstand vil bli streng, slår Rudolf Christoffersen fast.