Hopp til innhold

Statoil-tilsett fekk sparken for å ha sendt nakenbilde til ung kvinneleg kollega

Ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane gjekk til søksmål mot Statoil etter at han vart oppsagt for seksuell trakassering. I retten fekk Statoil medhald.

Statoils hovedkontor

Statoil sitt hovudkontor i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Over fleire månader i fjor haust og vinter sende mannen tekstmeldingar og bilde av seksuell karakter til ein ung kvinneleg kollega som var lærling i Statoil. I perioden fekk kvinna både tekstmeldingar og nakenbilde frå mannen, og på nyåret varsla ho verneombodet som gjekk vidare med saka.

Etter eit par månader vart han sagt opp frå stillinga si i selskapet, men han valde å gå til sak mot Statoil for usakleg oppseiing.

Nulltoleranse

I Sogn og Fjordane tingrett vart Statoil denne veka frifunnen.

Morten Eek

Morten Eek i Statoil.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dommen viser jo at då vi gjekk til oppseiing så var det sakleg. Det er vi tilfreds med og vi har vore opptatt av å støtta kvinna som melde ifrå. Det har vore ei lei og vanskeleg sak for dei og vi er glad for å sjå at vernetenesta og lokal platformleiinga handtert dette godt, seier Morten Eek i Statoil si kommunikasjonsavdeling til NRK.

Kvinna som vart utsett for seksuell trakassering var ny på platformen i Nordsjøen då ho starta på same avdeling som mannen. Han hadde jobba i firmaet i ein lang periode.

Kort tid etter tok han kontakt og sende meldingar til kvinna av seksuell karakter. I dommen kjem det også fram at mannen har sende meldingar av same karakter til fleire kvinnelege kollegaer, fleire år bak i tid.

– Vi har nulltoleranse for den slags oppførsel i Statoil, seier Eek.

Mannen er dømd til å betala 55.000 kroner av Statoil sine saksomkostnader.

Auka fokus

Den siste tida har tusenvis av personar stått fram om seksuelle overgrep, etter at #metoo-kampanjen vart start. Spesielt fokus har det vore på film-, musikk- og mediebransjen.

– Statoil, som alle andre, vil ha denne type eksempel frå tid til anna. Eg har ikkje eit inntrykk av at det er eit problem for selskapet, men vi skal vera audmjuke for alt ikkje vert fanga opp og at det kan vera krevjande å seie ifrå, seier Eek.

Mannen sin advokat vil på noverande tidspunkt ikkje kommentera om dei vil anke saka.