NRK Meny
Normal

Departementet vil ikkje overprøve Statoil si nedbyggjing i Florø

Olje- og energidepartementet vil ikkje overprøve Statoil si nedbygging av oljebasen i Florø.

Røyrlager på fjordbase i Florø

NEDBYGGING: Statoil vil byggje ned aktiviteten i Florø, men departementet finn ikkje grunn til å gripe inn i prosessen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Etter å ha sett på saka meiner departementet at oljegiganten ikkje bryt med konsesjonsvilkåra når dei no vel å byggje ned i Florø.

– Vi må berre ta til etterretning at Olje- og energidepartementet har sett på Statoil sitt vedtak, målt det opp mot konsesjonsvilkåra som treng og funne at Statoil ikkje bryt med dette, seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik (Frp).

Flyttar til Mongstad

Eit samla politisk miljø har meint at nedbygginga bryt med konsesjonsvilkåra til Statoil. Oljegiganten vil flytte mesteparten av sin forsyningsaktivitet frå Florø til Mongstad .

– Statoil kan ikkje bryte konsesjonsvilkåra sine, og vi må passe på at dei følgjer krava. Det er blant anna sagt konkret for Gjøa-feltet kvar dei skal hente tenestene på land, og der har basen i Florø ein sentral rolle. Vi må sjå til at vårt fylke får dei ringverknadene vi skal ha, sa varaordførar Jenny Følling då saka vart kjend i vår.

– Krev ikkje involvering

Frank Willy Djuvik

NY STRATEGI: Frank Willy Djuvik meiner ein må ta i bruk ny strategi for å halde Statoil i Florø.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Dette er altså ikkje Olje- og energidepartementet heilt samde i.

– Departementet har ikkje identifisert forhold som gjer at Statoils avgjerd krev involvering frå styresmaktenes side, skriv departementet i eit skriftleg svar til NRK.

Djuvik meiner svaret betyr at forkjemparane må finne andre metodar for å sikre aktiviteten i kystbyen. For oljebasen i Florø sin del kan det bety at halvparten av dei 500 arbeidsplassane som finst vil forsvinne .

– Må endre strategi

– For oss lokalt må vi endre strategi og sjå på korleis vi kan sikre mest mogleg aktivitet i Florø. Om det ikkje er brot på konsesjonsvilkåra, så må kampen stå mot Statoil der vi klarer å synleggjere konkurransekrafta og kor godt vi klarer å legge til rette for Statoil i Florø, seier Djuvik.

– Du og resten av det politiske miljø i Sogn og Fjordane har hevda at det var brot på konsesjonsvilkåra. Hadde de ikkje grunnlag for å seie det?

– Jo, vi meinte at ut frå dei merknadane som mellom anna hadde vore i Stortinget, at her var det brot på konsesjonsvilkåra. Men det som Olje- og energidepartementet må halde seg til er dei konkrete krava som blir stilt til eit selskap for å få den lisensen. Dersom det ikkje i lisensen er krav som er brotne, så kan ikkje Olje- og energidepartementet gjere noko.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå