Hopp til innhold

Den vesle grenda ventar spent på kvar kraftlinja vil kome

Konsesjonssøknaden for kraftlinja mellom Sogndal og Aurland vil ikkje bli klar før utpå nyåret. Dermed heng kryssinga av Sogndalsfjorden framleis i lause lufta.

Kraftlinje

STORE MASTER: Statnett byggjer ny kraftlinje mellom Aurland og Sogndal. Folk i Øyragrendi i Sogndal ventar spente på kvar kraftlinja vil krysse fjorden. Det eine alternativet vil kome tett på hus og folk. Biletet er teke i Gaupne i Luster.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

Søknaden skulle etter planen ha vore klar tidleg i haust. Etter fleire utsetjingar, seier Statnett no at dei ikkje ventar å vere i mål før tidlegast utpå nyåret.

Folk i Øyragrendi i Sogndal ventar i spenning på kvar den nye kraftlinja vil krysse Sogndalsfjorden. Det eine alternativet vil kome tett på dei som bur i den vesle grenda. No må dei bu seg på å vente enno nokre månader før dei får svaret.

– Sjølvsagt hadde me ønskt å få ein avklaring no. Sjølv om det ikkje er noko vi går og tenkjer på kvar dag, så er vi veldig spente, seier ein av bebuarane, Aud Jorunn Lemvik.

Kraftlinje Sogndal - Aurland

Har ikkje teke stilling til fjordkryssing

Statnett ønskjer å meir enn doble kapasiteten på kraftlinja mellom Sogndal og Aurland. Oppgraderinga må til for å kunne ta unna den forventa auken i kraftproduksjonen i åra som kjem. Ombygginga vil koste opp mot ein milliard kroner og er planlagt ferdigstilt innan 2019.

Kommunikasjonsdirektør i Statnett Tor Inge Akselsen

IKKJE AVGJORT: Tor Inge Akselsnes i Statnett seier val av fjordkryssing ved Sogndal ikkje blir avgjort før konsesjonssøknaden er klar.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Tor Inge Akselsen i Statnett seier dei enno ikkje veit om utsetjinga får konsekvensar for framgangen på prosjektet.

– Vi har sagt at vi ønskjer å starte anleggsarbeidet i 2017. Viss saka ikkje dreg for langt ut i 2016, så trur vi at vi skal greie det, seier han.

Årsaka til utsettinga er at Statnett ikkje har fått ferdige alle dokumenta i saka. For tida har selskapet fleire store prosjekt gåande i heile landet og kraftlinja i Indre Sogn har førebels ikkje blitt prioritert.

Difor har dei heller ikkje teke stilling til kvar linja skal krysse fjorden i Sogndal.

– Den vurderinga vil bli gjort når alle dokumenta er på plass og heile grunnlaget for søknaden er klart, seier Akselsen.

– Ille å gjere inngrep i urørt natur

Begge alternativa har fordelar og ulemper. Kryssinga av fjorden med utgangspunkt i Stedjeåsen, er både dyrare og kan forringe det populære turområdet.

Alternativ nummer to er billigare, men kjem tett på folk. Aud Jorunn Lemvik er ikkje i tvil om kva løysing ho helst ser for seg, men torer ikkje ha for store von.

– Me får no berre venta og sjå. Det er ikkje noko me kan påverka, meir enn vi allereie har gjort, seier ho.

Marit Vøien Nes i Naturvernforbundet vil ikkje ta stilling til kva for eitt av alternativa som er det beste.

– Men eg tykkjer det er ille at ein stadig skal gjere inngrep i friluftsliv og urørt natur, seier ho.