Fjordane tingrett: – Statnett får fortsette i Myklebustdalen

Arbeidet med kraftlinja gjennom Myklebustdalen får halde fram. Det har Fjordane tingrett bestemt i dag.

Myklebustdalen

FÅR HALDE FRAM: Statnett får omsider halde fram arbeidet med å byggje ut kraftlinje og transformatorstasjon i Myklebustdalen i Bremanger kommune.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Arbeidet med kraftlinja gjennom Myklebustdalen og Sørdalen i Bremanger har ikkje vore enkel for Statnett. Linja er ein del av Ørskog-Fardal og er viktig for å sikre kraftleveringa i heile Midt-Norge.

Men grunneigarane i Bremanger har motsett seg Statnett sitt arbeid, og konflikten mellom styresmaktene og grunneigarane har ført til fleire rundar i retten.

Fjordane tingrett sa seinast i april i år nei til at Statnett fekk halde fram arbeidet i naturreservatet i Sørdalen i Bremanger.

I dag har tingretten avgjort at Statnett sine løyve til å byggje kraftleidning og transformatorstasjon i Myklebustdalen er gyldige. Dermed kan arbeidet halde fram der.

Fjordane tingrett har derimot ikkje handsama spørsmålet om tilgang til Sørdalen, ein del av Myklebustdalen, som Statnett framleis ikkje har tilgang til. Statnett gler seg likevel stort over dagens avgjerd.

– Dette er ei viktig avgjerd for Sogn og Fjordane og heile Midt-Norge. Vi kan no halde fram arbeidet i Myklebustdalen med å sikre at Midt-Norge får ei betre straumforsyning og legge til rette for alle dei fornybare prosjekta som står på vent i Sogn og Fjordane, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson til NRK.no.

Jobbar vidare

Hagerup Nilson seier dei no vil jobbe vidare for å få tilgang til Sørdalen. Konserndirektør i Statnett Elisabeth V. Vardheim seier dei håpar at den opphavlege tidsplanen framleis skal halde.

– Med føresetnad at vi får tilgang til Sørdalen, meiner vi at det er realistisk å ha heile prosjektet ferdig i løpet av 2016, som planlagt.

NRK har prøvd å kome i kontakt med fleire av grunneigarane i Myklebustdalen, men dei har ikkje vore tilgjengelege for kommentar.