Hopp til innhold

Fylket har ikkje fått transportpengar: Svaksynte Anita blir sitjande heime i påsken

Svaksynte Anita drøymde om å reise på påsketur med dottera. Men pengane ho skulle få frå fylkeskommunen til transport kom aldri.

Anita Våg ventar på bussen. Utan drosjepengar blir kvardagen vanskelegare.

TUNGVINT: Svaksynte Anita Våg må vente i fleire timar for å kome seg heim med buss. Pengane ho skal få til drosjetransport har ikkje kome.

Foto: Silje Guddal / NRK

Pengane fylkeskommunen skulle få for at blant anna blinde og svaksynte i fylket enklare skal kome seg rundt, let vente på seg.

Fylkeskommunen har søkt om 11 millionar, men førebels har dei ikkje fått svar frå staten på når pengane kjem.

– For meg betyr det ein enorm fridom til å planlegge fritida mi og vere med på det eg har lyst til utan å måtte spørje andre om å køyre meg, seier Anita Våg.

Våg er svaksynt, og set pris på pengane ho til no har fått frå fylkeskommunen til drosjetransport. Men i år let pengestøtta vente på seg, og utan drosje må Våg planlegge annleis.

– I dag måtte eg vente nesten fire timar på ein buss for å kome meg heim att etter å ha vore hjå frisøren. Eg måtte stå opp klokka seks for å lage middag. Eg har skuleungar, og rekk ikkje å lage middag til dei når eg kjem så seint heim.

Hundrevis får ikkje pengar

I fjor kom Sogn og Fjordane med i ei utvida ordning for tilrettelagt transport, og fekk 6,2 millionar kroner som skulle gå til drosjetransport for blinde, svaksynte og rullestolbrukarar. Ny støtte skulle kome for 2018, men så langt er kassa tom.

Sjølv etter å ha purra samferdsledepartementet, har fylkeskommunen ikkje fått svar. Mange av dei 400 brukarane av ordninga er no frustrerte over dei tomme drosjekorta sine.

– Vi har fått veldig mange telefonar frå folk som er fortvila over at dei ikkje har meir pengar på kortet og ikkje kjem seg nokon veg. Det synest eg er trist, seier Monica Åsnes i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

– Unødvendig lang tid

Fylkeskommunen vil ikkje dele ut pengar på forskot før dei veit kor mykje dei får frå staten, ifølgje Åsnes. Men at Sogn og Fjordane er med i ordninga er allereie vedteke. Utbetalinga er difor langt på overtid, meiner stortingsrepresentant frå KrF, Tore Storehaug.

Tore Storehaug

VIL RYDDE OPP: Ordninga har blitt utvida til å gjelde fleire fylke, men det skal ikkje påverke Sogn og Fjordane som allereie er inne i den, seier Tore Storehaug frå KrF.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Problemet er at departementet ikkje har fått fortgang i saka. Eg vil leggje press på dei i denne saka, seier han.

Samferdsledepartementet ønsker ikkje å kommentere behandlingstida.

– KrF jobbar for at dette skal bli ei fast, nasjonal ordning. På sikt må vi klare å unngå situasjonar som dette, og når vi no står i ein slik situasjon må vi klare å rydde opp før det påverkar påskeferien til folk.

Avbryt påskeplanar

Skulle pengane kome før påske, vil fylkeskommunen likevel ikkje få delt dei ut før ferien.

– Dottera mi har gått på skiskule i vinter og i påska hadde vi tenkt oss opp i skianlegget i Hjelmelandsdalen, men det får vi ikkje til. I påskehelga går det få eller ingen bussar, så i år må vi sitte heime, seier Våg.