Hopp til innhold

Statleg skattelette gir kommunal skattesmell

Mange må betale meir i kommunal eigedomsskatt, trass i at regjeringa har lova skattelette for folk flest.

Førde sett frå Slåttebakkane

DYRARE: Trong kommuneøkonomi gjer at Høgre-styrte Førde kan kome til å auke eigedomskatten, trass i at regjeringa satsar på skattelettar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ap-ordførar Arve Helle i Fjaler meiner årsaka er at regjeringa gir store letter i formueskatten framfor å styrke kommuneøkonomien. Han meiner kommunen ikkje har anna val enn å auke eigedomskatten.

– Dette er ein konsekvens av at kommunane ikkje får nok pengar, enkelt og greitt.

Tusenlappar i skatteauke

Arve Helle

MÅ AUKE SKATTEN: Arve Helle frå Arbeidarpartiet meiner regjeringa sine skattelettar er til lita hjelp når kommunane strevar med trong økonomi.

Foto: Johan Moen / NRK

Ordføraren i Fjaler vil gi innbyggarane ei skatteskjerping på ein promille på eigedomskatten til neste år. Til dømes betyr ei skatteauke på 1000 kroner på ein eigedom taksert til ein million kroner.

Slike nyhende får mange innbyggarar kring om i landet i desse tider. Ei kartlegging NRK har gjort i Sogn og Fjordane viser at halvparten av kommunane vurderer å auke eller innføre eigedomsskatt.

Helle meiner situasjonen kunne vore unngått om regjeringa hadde styrka kommuneøkonomien framfor å gi skattelette i statsbudsjettet.

– Vi har jo valet mellom å halde oppe tenestene, og innføre eigedomsskatt. Om vi ikkje innfører skatten må vi kute i tenestene, seier Ap-ordføraren.

Frp: Kommunane må drive meir effektivt

Helge André Njåstad

EFFEKTIVT: – Kommunane må lære av dei mest effektive, meiner leiaren for kommunalkomiteen på Stortinget.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Men Frp sin leiar i kommunalkomiteen, Helge André Njåstad, klandrar kommunane for å auke skatten, og meiner dei bør drive meir effektivt.

– Det er veldig ille å innføre eigedomsskatt. Det er fullt mogleg å drive kommunar med redusert eigedomsskatt eller ikkje å ha eigedomsskatt. Ein bør lære av dei kommunen som driv effektivt og greier dette, i staden for å ta den lettvinte løysinga det er å sende rekninga til innbyggarane sine.

– Det kan ikkje vere tronge rammer i Statsbudsjettet som tvingar kommunane til å innføre eigedomsskatt?

– Nei, tvert om, rammene til kommunane er auka til neste år samanlikna med utviklinga frå til dømes 2013 til 2014.

Høgre: Alltid snakk om å forbetre seg

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre er i mot eigedomsskatt, også han meiner kommunane burde rasjonalisere drifta, og heller investere for framtidig vekst.

– Altså, alle veit at det kvart år er trongt å få til eit kommunebudsjett. Slik er det i år, slik har det vore heile tida. Det er ikkje noko nytt. Eg trur kommunane dei siste åra har omstilt seg til å drive rimeleg effektivt, men det er klart det heile tida er snakk om å kunne forbetre seg også på det området.

Bjørn Lødemel

FORBETRING: Bjørn Lødemel (H) meiner kommunane bør satse på vekststrategiar framfor eigedomsskatt.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Lødemel seier det er typisk at nedgangskommunar får det strevsamt med økonomien og dermed må innføre skatten. Utan eigedomsskatt får ein større vekst i næringslivet, høgare innbyggartal og dermed meir kommunale inntekter, meiner Lødemel.

– Eg tykkjer det må vere ekstra spennande å sjå korleis ein kan skape auka inntekter til kommunane.Eg håpar kommunane kan velje andre strategiar enn eigedomsskatt for få budsjetta i balanse.

Fnys av kritikken

Men i Fjaler bles Arve Helle av kritikken. Han meiner regjeringa har prioritert skattelette for nokon få, no må kommunane sende rekninga til innbyggarane.

– Vanlege folk har vel ikkje fått meir i skattelette enn at poseavgifta på ein tre-fire bereposar i veka et opp alt i hop. Det ser ut som skattelettane har gått til dei som har heilt andre lommebøker enn den vanlege innbyggar i Fjaler. Det viktigaste for meg er at kommunen er i stand til å gi gode tenester til folk, seier Helle.