Hopp til innhold

Statens vegvesen: Ulovlege verkstadar skjuler at dei droppar airbag

Ulovleg reparerte bilar kan bli dødsfeller når dei blir sleppt ut på vegen igjen. Statens vegvesen har avslørt at fleire droppar å setje inn att airbagar i kollisjonsskadde bilar.

Ulovleg verkstad

ULOVLEG VERKSTAD: Dette bildet blei tatt i ein av dei ulovlege verkstadane som er avdekka av Statens vegvesen det siste året.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har avdekka ei lang rekke med bilar der det er lagt inn ein ein motstand slik at airbag-lampa ikkje lyser, og skjuler det faktum at det ikkje er airbagar i bilen, fortel Jon Molnes i krimseksjonen i Statens vegvesen til NRK.

Han er rysta, men ikkje overraska over funna dei gjer når dei går til aksjon mot ulovlege bilverkstadar som reparerer kollisjonsskadde bilar. Dei gjer det for å tene meir pengar, meiner Molnes.

– Det er ein modus for å maksimere profitten ved at dei lar vere å setje inn att airbagar. Då er det slik at du og eg som kjøpar av desse bilane er intetanande om det og trur vi har ein trafikksikker bil, slår han fast.

Statens vegvesen har dei siste åra intensivert kontrollen av verkstadbransjen i Noreg og dei reknar med at det no er om lag 400 ulovlege bilverkstadar igjen i landet. Dette er ein nedgang frå om lag 500 og vegvesenet trur kontrollane har vore til nytte.

Fleire verkstadar stengde

Dette førte til at åtte bilverkstadar blei heilt stengd, berre på Vestlandet. Dette uroar Statens vegvesen.

– Vi ser at dei brukar ufaglært personell utan naudsynt kompetanse og verktøy til å gjere denne jobben. Dette er alvorleg med omsyn til trafikktryggleiken, men det er også eit hinder for like konkurransevilkår i bransjen, seier Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen.

Vegvesenet har særleg vore uroa over at bilar med alvorlege kollisjonsskader blir bygd opp att på nytt og tekne i bruk, utan at dei er tilstrekkeleg godkjende.

– Det er strenge vilkår for at desse køyretøya skal sleppast ut på vegen igjen, og vi stiller høge krav til kompetanse og dokumentasjon på utført arbeid, seier han.

Ulovleg verkstad

AVSLØRT: I dette lokalet på Vestlandet blei det drive ein ulovleg verkstad.

Foto: Statens vegvesen

– Spør om godkjenning

No vonar Statens vegvesen at folk i enda større grad let vere å bruke dei ulovlege verkstadane, særleg fordi det rett og slett kan vere farleg.

– Men korleis kan eg som vanleg bileigar forsikre meg om at eg ikkje er på ein ulovleg verkstad?

– Når du bestiller time, spør om dei har godkjenning frå Statens vegvesen. Det er vel det einaste enkle rådet vi kan gje. Er ikkje verkstaden godkjend, så ville eg ha gått til nokon andre, slår Arve Tjønn Rinde fast.

Kan stå utan airbag

Kollega Jon Molnes vonar at folk no forstår alvoret og at forbrukarane gjev tydeleg beskjed om at farlege reparasjonar er noko ein må unngå.

At ein kan risikere å køyre rundt i bilar utan airbag, bør vere eit tydeleg signal, meiner han.

– Då veit du faktisk ikkje før den dagen det smeller om du har airbag eller ikkje og om dei har manipulert systemet.