Hopp til innhold

Statens vegvesen: Køyr etter forholda

Fleire bilar og vogntog har fått problem på glatte vegar i dag.

Sogndalsdalen

GLATT: I Sogndalsdalen er det glatte vegar i dag. Eit vogntog har fått problem her, og i Hafslo har to bilar køyrd av vegen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har fått melding om eit vogntog som sleit i Sogndalsdalen og sperra delar av vegbana, og eit anna vogntog har fått problem opp mot Magnhildskaret på fylkesveg 614 mot Bremanger, seier Jan Erikstad i Statens vegvesen.

I tillegg har to bilar køyrd av vegen på Hafslo i føremiddag.

– Ta forholdsreglar

Det er først og fremst snø som skapar problem.

– Vi veit at det er snø ulike stader, og folk må ta forholdsreglar. Det kan bli slapseføre mange stader, seier Erikstad.

Erikstad vil ikkje overdramatisere situasjonen, og seier at det ikkje er ekstremvær og at dei ikkje har fått meldingar om underkjølte vegar.

– Kan ta tid før snøen vert fjerna

Spesielt bilistar på mindre trafikkerte vegar må bu seg på at eventuell snø kan bli liggande ei stund.

– Dei vegane der det er mindre trafikk vert ikkje brøyta like ofte. Dersom det er snø kan han bli liggande litt lenger. På enkelte vegar kan det bli opp mot ti centimeter før det blir brøyta, seier Erikstad.

NRK har fått fleire telefonar om glatte vegar i dag. Men Erikstad på vegtrafikksentralen melder om få telefonar om same tema.

– Det er ikkje mange bilistar som har ringt oss om glatte vegar. Vi fekk ein telefon frå Balestrands-området.