NRK Meny
Normal

Statens vegvesen: Gi rattet til kvinna!

I høgsesongen for trafikkulukker, som vi no går inn i, er det størst fare for møteulukker og å sovne bak rattet.

Bilbelte

FÆRRE ULUKKER: – Kvinner har statistisk sett mindre sjanse for å hamne i ulukker, seier Arve Rinde i Statens vegvesen.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

– Statistikken vår viser at sommarperioden er meir utsett for ulukker enn andre tider på året. Det er meir trafikk langs vegane, og sjansen blir større, seier avdelingsdirektør Arve Rinde i Region Vest.

Om sommaren køyrer det fleire turistar på vegane i fylket. Ofte kjem dei med campingvogn eller i bubilar.

– Dette kan skape irritasjon hos andre bilistar, men det er viktig å ta omsyn til både dei som har det travelt, og dei som ikkje er vant med smale, svingete vegar, seier Rinde.

– La kvinna køyre

Arve Rinde i Statens Vegvesen

– TA DET ROLEG: Arve Rinde i Statens vegvesen ber folk om å tenke seg om to gongar i trafikken.

Foto: PRIVAT

Menn er overrepresenterte i dødsulukker i trafikken. I 2016 var talet på trafikkdrepte totalt 135, og heile 82 prosent var menn. Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Kvinner har statistisk sett mindre sjanse for å hamne i ulukker. Det kan vere mange grunnar til det, men eg trur det har med køyremønster å gjere: Kvinner er gjerne meir rolege og meir fokuserte når dei set seg bak rattet. Det er gode eigenskapar når det blir mange bilar på vegen, seier Rinde.

Han seier at det er viktig å ta pausar, og vere merksam på det som skjer på vegen. Dersom det er fleire som kan køyre i bilen, tilrår han at dei byter på.

– Det viktigaste er å vere ein observant sjåfør, same om ein er mann eller kvinne, seier han.

Tunnelar kan vere utfordrande

– Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har til saman om lag halvparten av alle tunellar i Norge, og dette kan vere utfordrande for turistar som ikkje kjem herfrå.

Ikkje alle tunnelane i fylket er moderniserte, og mange stadar er vegane smale. Rinde meiner dette kan gjere folk usikre.

– Tipset mitt, dersom du er ukomfortabel med å køyre i tunnelar, er å sleppe forbi andre bilistar før du køyrer inn, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå