NRK Meny
Normal

Statens vegvesen vil ha vekk trafikkfarlege rundballar

Bønder som har rundballar langs vegane kan no bli bedne om å fjerne dei.
Det er Statens vegvesen som åtvarar mot dei kvite ballane, fordi dei kan vere trafikkfarlege.

Rundball

SLI VIL DEI IKKJE HA DET: Statens vegvesen vil ha vekk trafikkfarlege rundballar.

Foto: eirik hauknes / nrk

– Er du uheldig og køyrer av vegen og treffer ein slik, er som å køyre inn ein fjellvegg, seier Ola Belsaas ved seksjon for plan og trafikk i Statens vegvesen.

Trass i at det er både er trafikkfarleg og ulovleg, blir det likevel kvar einaste år plassert rundballar for nære veg.

– Det er mange farar, det eine er påkøyrsel, det andre er rundballane trekker til seg hjortevilt noko som kan føre til trafikkfarlege situasjonar.

Hindrar sikt

Stablar med rundballar kan også hindre sikt. Statens vegvesen oppmodar difor bøndene til å tenke gjennom kvar dei plasserer rundballane.

– Når det gjeld sikt gjennom kurver og inn mot kryss, er vi ganske klare på at det ikkje er lov å lagre rundballar. Då går vi ofte ut og krev fjerning av rundballar.

Dei understrekar også det ikkje er lov å bruke rundballar som «reklamevegg». Det gjeld også aksjonar og slagord.