Statens Naturoppsyn meiner denne hjortekalven er drepen av ulv

Bitskadane som er funne på ein hjortekalv gjer at Statens naturoppsyn meiner ulven igjen har vore på ferde i Fjaler.

Statens naturoppsyn, rovviltseksjonen

TRULEG ULV: Statens naturoppsyn meiner det er svært sannsynleg at denne hjortekalven er drepen av ulv på Norddalsheia i Fjaler.

Foto: Statens naturoppsyn, rovviltseksjonen

Tidlegare i haust blei det gitt fellingsløyve for ulv i Høyanger, Hyllestad og Fjaler etter funn av fleire sauekadaver.

I helga kom ein turgåar over ein drepen hjortekalv på Norddalsheia i Fjaler. Mest truleg er den drepen av ulv, meiner Statens naturoppsyn (SNO).

– Vi finn restar etter bit i nakken og i korsryggen, som er ein veldig typisk måte for ulven å avlive på, fortel Rein-Arne Golf, rovviltansvarleg i SNO.

Har klaga på avslag

Statens naturoppsyn fann også spor etter ulven.

– Oppførselen til dyret tyder på ulv, så vi er rimeleg sikre på at det er ulven som har vore der, seier Golf.

I slutten av oktober fekk jegerar ulven på skothald i Fjaler, men då hadde Fylkesmannen nyleg avslått klagen på utvida fellingsløyve. Fylkesmannen gav fellingsløyve på ulven 11. september, som gjekk ut 15. oktober.

Spor ulv

ULVESPOR: Spor av ulv som er funne i same området. Bilda er teke på Norddalsheia, i Fjaler kommune.

Foto: Statens naturoppsyn, rovviltseksjonen

Fellingsleiar Stein Mortensbakke fortel at dei har klaga inn avslaget til Miljødirektoratet.

– Vi synest det tek altfor lang tid, det er no vi hadde hatt bruk for å ha skadefellingsløyve, seier han.

1. desember blir det opna for lisensjakt.

Stein Mortensbakke

VENTAR PÅ SVAR: Fellingsleiar Stein Mortensbakke fortel at avslaget på utvida skadefellingsløyve er klaga inn til Miljødirektoratet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Då har ein moglegheit til å jakte i vanleg jaktform, dersom ein er registrert som lisensjeger og har løyve frå grunneigar til å jakte i området, seier Mortensbakke.

Ber om at folk melder frå

Golf oppmodar folk som gjer observasjonar om å melde frå.

– Ja, særleg viss vêret endrar seg vil vi ha beskjed så raskt som mogleg, så vi har moglegheit til å sjekke det opp, seier han.

Også Mortensbakke ber folk om å følgje med.

– Det viktige er at folk held fram med å melde inn kadaver og helst ser om dei finn DNA-spor som vi kan få inn for å sjå om det er fleire individ i området.