Hopp til innhold

Staten vedgår tabbe - vil ha vekk oppdrettsanlegget

Korallområde på vestlandskysten kan bli øydelagt av eit nytt oppdrettsanlegg. No vedgår staten at det var ei tabbe å gi løyve. Anlegget vil likevel vere der i to år til.

Blomkålkorallar

UNIKT: Blomkålkorallane i Nordfjord strekk seg over eit 1,5 kilometer langt område.

Foto: Erling Svensen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Oppdrettsanlegget ved Husevågøy i Nordfjord må fjernast, etter ei tabbe av staten som kunne ha fått store konsekvensar for eit unikt korallområde.

I 2018 fekk Troland Lakseoppdrett, Langøylaks, og Austevoll Melaks løyve til å starte oppdrett av laks ved Husevågøy i Nordfjord.

Problemet er at staten ikkje ante at anlegget ligg like ved eit område med blomkålkorall, ein naturtype som er vurdert nær truga i Norsk Raudliste for naturtypar.

Det var dykkar og naturfotograf Erling Svenssen som gjorde styresmaktene merksame på problemet.

Ikkje lenge etter trakk Fylkesmannen i Vestland tilbake løyvet, men sidan oppdrettarane klaga kom anlegget på plass likevel.

Blomkålkorall Husevågøy

BLOMKÅLKORALLAR: Desse korallane gjer no at eit oppdrettsanlegg skal fjernast.

Foto: Erling Svensen

Miljødirektoratet har i dag behandla klagen, og kome fram til at anlegget skal vekk. Oppdrettarane skal på den andre sida få fore ferdig laksen som alt står i anlegget til slakt. Vanlegvis tek dette to år.

På same tid krev staten at «oppdrettarane startar miljøovervaking av blomkålkorallane slik at styresmaktene raskt kan pålegge tiltak eller stanse verksemda om det blir nødvendig.»

– Med dette tek vi vare på miljøet, samstundes som vi reduserer tap for verksemda som har innretta seg etter løyvet dei fekk, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Kan få store følgjer for oppdrettarane

Oppdrettarane sin talsperson, Carl-Erik Arnesen, seier til NRK at han er kjend med avgjerda, men ynskjer ikkje å kommentere før dei har sett seg grundig inn i den.

I desember sa Arnesen, som er styreleiar i Troland fiskeoppdrett, at dei fryktar milliontap om staten ombestemmer seg. Selskapa har gjort investeringar for 39 millionar kroner.

– Det er ein fortvilande situasjon, det har tatt oss to og eit halvt år å få lokaliteten, sa Arnesen.

Arnesen ville i desember ikkje utelukke til NRK at saka kunne ende i rettsapparatet.

Husevågøy

FJERNAST: Om to år er oppdrettsanlegget borte.

Foto: Erling Wåge / Fjordenes Tidende

Veit ikkje kva artar som finst kring oppdrettsanlegga

Miljødirektoratet seier staten i mange tilfelle ikkje har oversikt over kva som finst på sjøbotnen nær oppdrettsanlegg.

Det er ikkje gjennomført nokon systematisk kartlegging av slike naturtypar i kystområda her til lands. Det er heller ikkje krav til at dei som søkjer om oppdrett skal kartlegge sårbart naturmangfald i nærleiken av anlegga.

– Denne saka syner tydeleg at det er eit behov for betre undersøkingar. Då kunne slike saker vore unngått, seier Ellen Hambro.

– Risiko for skade på korallane

Erfaringar frå Havforskingsinstituttet sine undersøkingar i Finnmark tyder på at blomkålkorallar ikkje trivs i nærleiken av oppdrettsanlegg, skriv Miljødirektoratet.

– Førekomsten i seg sjølv ser ut til å vere unik på grunn av storleiken og mengda korallar. Vi meiner dette gir grunn til vere føre-var, seier Hambro.

Blomkålkorall

LÆRDOM: Miljødirektoratet meiner sjøbotnen må kartleggast betre før det blir gitt løyve til oppdrett her til lands.

Foto: Erling Svensen