Dermed er etableringa av dørfabrikken med 60 arbeidsplassar endå eit steg realisering. Bygningen det statlege eigedomsselskapet SIVA skal setje opp er på 7.600 kvadratmeter og kostar 60 millionar kroner. Dooria skal sjølv koste tekniske anlegg, maskiner og utstyr.
Onsdag vedtok styret i Innvosjon Norge å støtte den planlagde etableringa med 79 millionar kroner i lån og tilskot. Av dette skal 36 millionar kroner brukast på sjølve fabrikkbygningen.
Dei samla investeringskostnadene er på 100 millionar kroner.