Hopp til innhold

Staten vil at fleire skal gjere som Flora

FLORØ (NRK): Justisdepartementet og UDI vil at fleire kommunar skal kome på bana og drive sine eigne asylmottak. I Flora har kommunen drive asylmottak i mange år, og overskotet ifrå drifta har dei sett inn att i kommunekassa.

Ola Teigen

SUKSESSHISTORIE: Ordførar i Flora Ola Teigen seier at det kommunale asylmottaket der er ei suksesshistorie

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Om vi går med overskot med drifta av asylmottaket vårt kan vi pløye pengane inn att på integreringstiltak. Når det er private som driv, vil det jo i verste fall vere private som sit og skummar fløyten i staden, seier ordførar Ola Teigen i Flora kommune.

Der har kommunen drive asylmottak i over tjue år.

Vil ha fleire kommunar på bana

Vidar Brein-Karlsen

POSITIV: Vidar Brein-Karlsen håpar fleire kommunar kan drive sine eigne asylmottak slik som Flora kommune gjer

Foto: Jon Petrusson / NRK

Statssekretær i justisdepartementet Vidar Brein-Karlsen håpar at fleire kommunar vil gjere som Flora framover

– Vi er veldig positive til at kommunal drift av asylmottak. No ser at vi fleire kommunar har klart å gjere det med eit godt økonomisk resultat, då håpar vi at andre kommunar kan la seg inspirere av det og kome på bana framover, seier han.

Solbakken asylmottak i Florø

KOMMUNALT: Solbakken asylmottak i Flora er drive av Flora kommune. Ordførar Ola Teigen seier at det er ein stor fordel å kunne ha ansvar for både integreringsarbeidet i kommunen og asylmottaket.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tykkjer ikkje systemet er godt nok

Eid kommune er ein av kommunane som gjerne vil ta oppfordringa til staten og drive sitt eige asylmottak. Men rådmann Åslaug Krogsæter seier at systemet ikkje legg til rette for at kommunane skal drive asylmottak.

– Vi vil gjerne drive asylmottak, men det er veldig vanskeleg for kommunar å konkurrere med private aktørar. Vi er mykje meir avhengig av langsiktigheit og trygge rammer. Vi kan ikkje drive med underskot og vi kan ikkje flytte asylmottaket til ein annan kommune, slik ein privat aktør kan.

Åslaug Krogsæter

IKKJE GODT NOK: Rådmann i Eid Åslaug Krogsæter seier at systemet der kommunane må konkurrere på like vilkår med private aktørar i anbodskonkurransar ikkje er godt nok til at mange kommunar kjem til å satse på å drive asylmottak.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Krogsæter trur UDI må prioritere kommunane framfor private aktørar om dei skal få mange kommunar til å satse på asylmottak.

– Det beste hadde vore om vi kunne ha forhandla fram direkte avtalar med UDI utan å vere ein del av anbodskonkurransane.

Brein-Karlsen i justisdepartementet seier at ei slik endring av systemet ikkje er aktuelt.

– Kommunane må ta omsyn til det regelverket som er, og kommunar kjem ikkje til å bli favoriserte så lenge private aktørar i nokre tilfelle kan drive meir lønnsamt.