Staten vann i retten – orkanoffer får ikkje pengar

Orkanen «Tor» øydela for millionar langs kysten. Men ingen får naturskadeerstatning for skader på moloar og kaier. No har den siste familien som nekta å gi seg tapt i retten.

Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen

TAPTE: Far Sølve Kvellestad og dottera Sissel Kvellestad Jensen tapte mot staten etter fyrst å ha sigra i tingretten.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Familien Kvellestad i Naustdal sin kamp mot staten har enda med eit nederlag.

Orkanen «Tor» i januar 2016 hadde den høgaste målte vindstyrken målt i Noreg, og enorme bølgjer knuste mot land.

45 søknadar kom til Naturskadeordninga etter skader på kaier og moloar under orkanen, men alle fekk avslag. Staten meiner havnivået ikkje var høgt nok. Grensa for erstatning går ved stormflo.

Men Kvellestad er blant fleire som meiner Naturskadeordninga ikkje tek omsyn til lokale variasjonar av havnivået.

Mangla åtte cm på floa

Havnivået vert målt av nokre få målestasjonar langs kysten, i Sogn og Fjordane står målaren i Måløy.

Målaren mangla 8 cm på stormflo under orkanen «Tor». Det er Statens kartverk som måler havnivået, og som Naturskadeordninga hentar opplysningar frå.

Kvellestad meiner vinden og straumen påverkar vasstanden ulikt langs kysten, og at målingane i Måløy ikkje blir representative for den tronge Førdefjorden fleire mil vekke. Staten meiner derimot at målingane er rette.

Saka kan også ha betydning for liknande tilfelle i framtida.

Molo Vingelven

ØYDELAGT: Vingelven i Bremanger er ein av mange stadar som fekk moloen øydelagt under orkanen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

I desember 2017 gav Fjordane tingrett familien medhald, og dømde Naturskadeordninga til å handsame saka på nytt, men staten anka.

Fyrst i februar i år fall avgjerda i lagmannsretten, denne gongen vann staten fram. Det er advokat hjå Regjeringsadvokaten Henrik Vaaler tilfreds med.

– Staten er godt nøgd med at ein skal legge stor vekt på utrekningar som Statens kartverk gjer, seier Vaaler.

To mot ein i lagmannsretten

To av tre dommarar meinte staten måtte vinne saka. Det eine mindretalet i retten la mest vekt på ekspertvitnet til familien Kvellestad. Vitnet frå Universitetet i Bergen meinte floa var minst 10 cm høgare i Førdefjorden enn i Måløy. Vitnet meiner Kartverket sine tal ikkje representerer heile kysten.

Henrik Vaaler meiner dommen er viktig for staten.

– Om ein ikkje fekk medhald blir det vanskeleg å sikre lik behandling, seier Vaaler.

– Saka er elendig og ei sleip historie

Sølve Kvellestad er skuffa. For familien handlar det om 500.000 kroner, men også prinsipp. Ankefristen er no ute, opplyser advokatane i saka.

– Saka er så elendig at eg har i grunnen ikkje uttrykk for det, seier Kvellestad.

Molo Kvellestad

REPARERT: Denne moloen i Førdefjorden fekk skadar under orkanen «Tor».

Foto: Privat

Familien meiner floa i Førdefjorden var langt over nivået i Måløy, og fekk både tingretten og ein av tre dommarar i lagmannsretten på si side.

– Dette er ei sleip historie, og om vi hadde vunne kunne fleire fått pengar, seier Kvellestad.

Regjeringsadvokaten meiner saka er avgjort.

– Dommen er rettskraftig, seier Vaaler.