Staten pungar ut etter dramatisk flaum

Storflaumen vaska vekk vegane og lét fleire stadar ligge att som katastrofeområde. Eitt år etter tar storsamfunnet ein del av rekninga.

Fylkesveg 55 Røisheim nær Flå bru

HERJA: Slik herja flaumen med vegnettet. Her frå Sognefjellsvegen ved Flåklypa i Lom.

Flaumen i oktober i fjor var dramatisk og gjorde store skadar. Då må storsamfunnet stille opp, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Elvar røska med seg alt frå hus, vegar og jordbruksareal, då kraftig regnvêr og snøsmelting førte til storflaum i blant anna Sogn, Nordfjord, Skjåk og Lom.

I Sogn var fleire titals personar isolerte. Blant stadane som var hardast råka var Mørkridsdalen og Fortunsdalen i Luster kommune.

Monica Mæland

TEK EIN DEL AV REKNINGA: Kommunal- og moderniseringsminister, Monica Mæland (H), seier kommunaldepartementet tek ein del av flaumrekninga.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

No får Sogn og Fjordane fylkeskommune 52 millionar kroner til utbetring av skadane etter flaumen. Søknaden frå fylkeskommunen var på 80 millionar.

– Summen utgjer ein kompensasjon på 60 prosent, noko som er litt meir enn vanleg. Desse millionane gjer at fylkeskommunen kan fortsette arbeidet med å få tilbake viktig infrastruktur, seier Mæland.

Millionrekning

Pengane til utbetring av flaumråka vegar er noko fylkeskommunen må ta frå pengepotten av drift og vedlikehald av andre vegar i fylket. Difor er det viktig at storsamfunnet no tek deler av utgiftene, meiner fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

– Vi er sjølvsagt glade for å få desse millionane. Eg legg merke til at departementet har strekt seg lenger med pengesummen denne gongen, seier ho.

Arbeidet med å reparere vegnettet har starta, og litt etter litt forsvinn såra etter den dramatiske flaumen.

– Dette er eit viktig bidrag. Det blir dyrt for kommune og fylkeskommune når både vegar, bruer og anna infrastruktur blir skylt vekk på få timar, seier Luster-ordførar, Ivar Kvalen (Sp).

Vegen til Mørkrid i Luster

MØRKRID: Slik såg vegen til Mørkrid i Luster ut etter at flaumen herja i fjor haust.

Foto: Terje Anton Gudmundsson