Hopp til innhold

Staten lovar ikkje influensa-hjelp

Gloppen kommune vil be staten om støtte til å dekke rekninga etter svineinfluensa-utbrotet på Breim. Men det er det slett ikkje sikkert at dei får.

Svineinfluensa på 4H-leir
Foto: Steinar Lote/Alf Vidar Snæland / NRK

LES: Ber staten ta influensa-rekninga

Gloppen kommune måtte ha 15 tilsette kontinuerleg på jobb midt i ferietida grunna utbrotet på 4H-leiren på Breim.

Rekninga for det vert dyr å betale for ein kommune som slit med økonomien frå før.

Dialog

– Nokre kommunar vil kanskje ha utgifter i samband med svineinfluensaen som er langt over det dei har budsjettert med. KS vil difor gå inn i ein dialog med regjeringa for å sjå korleis vi kan løyse det problemet, seier KS-direktør Trude Andresen.

LES ÓG: Inga hjelp frå helsemyndigheitene

Rådmann Marit Elisabeth Larsen i Gloppen kommune veit framleis ikkje kor store kostnader kommunen får i samband med svineinfluensaen på Breim, men dei vert betydelege.

– Vi kjem til å ta kontakt med staten og be dei om å ta rekninga, for den er stor for Gloppen, seier ho.

Lovar ingenting

Trude Andersen i KS er samd i at staten må hjelpe kommunane.

– Små, sårbare kommunar må ikkje få så store utgifter at det går ut over tenestetilbodet i kommunane, påpeikar ho.

Men statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Rigmor Aaserud, seier at kommunane må klare det meste av utgifter sjølve.

– I utgangspunktet er det slik at den enkelte kommune og helseinstitusjon har ansvaret for beredskapen. Men det er klart at ved enkelte, ekstraordinære tilfelle, så har kommunar fått hjelp frå staten tidlegare, seier ho.