Hopp til innhold

Staten lærde av Sløvåg

Vest Tank-ulukka dannar mykje av grunnlaget for forslaget til ny folkehelselov.

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: Svein Arild Vatsø

- Det høyrest ut som dei har teke dette på alvor. No verkar det som at dei vil ta nødvendige grep for å unngå at noko liknande skal skje til att, seier Gjermund Halsvik, som representerer innbyggjarane i kommunen.

- Ikkje gode på kjamikalieulukker

Det har vore kritisert heilt i frå Stortingsnivå at Gulen vart svikta av dei som skulle hatt ansvaret etter Vest Tank eksplosjonen i 2007. Det blei fort tydeleg at nettopp ansvaret for beredskapen i etterkant av ei slik ulukke verken var fordelt eller tydeleggjort.

Les også: Sløvåg-eksplosjon i kontrollkomite

Les også: Ikkje nøgde med Sløvåg-svar

I går kveld gav seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, Anders Smith, innbyggjarane i kommunen svar på kva Styresmaktene har lært av ulukka på eit folkemøte.

- Både kommunen og Staten må ha betre beredskap når det gjeld kjemikalieulukker. Me er gode på smittevern i Norge, men ikkje gode på slike ulukker med kjamikaliar, seier Smith.

- Det beste me kunne håpa på

For i høyringsnotatet til ny folkehelselov står det at staten skal ta større ansvar når det gjeld beredskapen ved kjemikalulukker. Ein liten kommune skal sleppe å stå aleine når slike ulukker skjer.

- Ein liten kommune har vanskar med å løysa alle oppgåver når slikt skjer. Difor har me sagt at me skal hjelpa kommunen med bistand frå Nasjonalt folhehelseinstitutt, slik at dei rykkjer ut med ei gong noko slikt skjer, akkurat som ved utbrot av alvorlege smittsame sjukdommar, held Smith fram.

Mange av innbyggjarane i Gulen fekk helseplager etter ulukka.

Les også: Folk i Sløvåg har fleire helseplager enn andre

Les også: Vest Tank-avfall framleis i Sløvåg

Gjermund Halsvik håpar den nye folkehelselova vil verkaetter hensikten.

- Det gjenstår jo å sjå korleis dette vil fungera viss noko skulle skje. Men det var det beste me kunne håpa på.