Hopp til innhold

Staten flyttar oppgåver frå Leikanger til Bergen: – Ikkje sentralisering

FØRDE (NRK): Regjeringa forsvarer å flytte arbeidsoppgåver frå Leikanger til Bergen, og meiner det ikkje er eit resultat av sentralisering.

Monica Mæland, besøk i Førde

FØRDE-BESØK: Kommunalminister Monica Mæland (H) var på besøk i Førde før helga. Her held ho fast på at flytting av arbeidsoppgåver frå Leikanger til Bergen ikkje er eit uttrykk for sentralisering.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Statsråden Monica Mæland (H) innrømmer at ikkje alt går frå storby til distrikta.

– Nokre arbeidsplassar blir lagt til dei større byane, medan andre går til mindre byar og tettstadar.

Som når Statens vegvesen snart skal organiserast. Nokre oppgåver som Leikanger-kontoret har hatt, går no til Bergen.

– Det skjer forflyttingar, men dei skjer innanfor regionen. Det vert ikkje sentralisering av arbeidsplassar til Oslo, men frå Oslo og ut i regionane, seier ho.

– Du meiner det ikkje er sentralisering når arbeidsplassar vert flytta frå Leikanger til Bergen, så lenge det er innanfor same region?

– Det vert flytta arbeidsplassar også frå Bergen, mellom anna Fylkesmannens hovudsete, som ligg på Leikanger. Så her går det begge vegar, seier Mæland.

– Arrogant

Tidlegare har Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap) omtala Statens vegvesen-omorganiseringa som sentralisering.

– Dette er ei massiv sentralisering av makt til dei store byane i landet. No ligg det an til å flytte vegmakt frå Bodø til Tromsø, frå Molde til Trondheim, Frå Lillehammer til Drammen og frå Leikanger til Bergen, sa Odd til NRK då.

Og han fekk støtte frå kollegaen i Eid, Alfred Bjørlo (V).

– Dette er skandaløst og arrogant av Statens vegvesen, dei seier rett ut at vi i distrikta ikkje er noko verdt, og at staten no må pakke sekken hos oss og rømme inn til dei store byane, sa Bjørlo.

Kommunalministeren meiner hennar regjering ikkje driv sentralisering.

– Eg er veldig nøgd med at denne regjeringa har hatt ein aktiv politikk for å flytte ut arbeidsplassar, seier Mæland.

Ho viser mellom anna til Sunnfjord.

– Her i Førde har de jo nytt godt av det, både tidlegare, med Lotteri- og stiftelsestilsynet, og no når det tidlegare Fredskorpset blei etablert her, seier ho, og held fram:

– Samla sett så skal vi sørge for at fleire arbeidsplassar vert flytta ut av Oslo.

Kor mange arbeidsplassar Leikanger eventuelt mistar til Bergen er ikkje enno kjent. Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane har tidlegare uttala at han ikkje er bekymra for at omorganiseringa vil gå ut over arbeidsplassar.

– Strukturen vert endra, men mykje av grunnprinsippa vert dei same, sa Finden i slutten av juni.