Statbygg kjøper på Campus

Allmennfagbygget ved Sogndal vidaregåande skule på Fosshaugane Campus blir kjøpt av Statsbygg, som på si side vil leige bygget ut til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen skal flytte ut av bygget seinast i juli 2017, då er planen at byggetrinn 2 ved Sogndal vgs. skal vere ferdigstilt. Åshild Kjelsnes skriv i ei pressemelding at ho er fornøgd med at Høgskulen får ei samla og god lokalisering.