Det er Riise Underwater Engineering AS som er tildelt oppdraget med å tømme vraket av MS "Welheim" for olje.
Prislapp: 25 millionar
Det tyske motorskipet "Welheim" blei torpedert i 1944 og ligg sør for Florø. Kystverket har evaluert to innkomne tilbod på tømminga, der Riise Underwater Engineering blei vald ut fra ei samla vurdering.
Kontrakten på 25 millionar kroner dekker undersøking for stadfesting av olje frå i alt 13 av 19 tankar med tilkomst. Dersom det skulle vere olje også i dei øvrige seks tankane har Kystverket opsjon på tømming av olje fra desse.
Ferdig i oktober
Riise Underwater Engineering AS stod også for tømminga av eit anna krigsvrak, MS "Nordvard" i Mossesundet. Det oppdraget blei ferdigstilt tidlegare i år.
- Arbeidet med å tømme "Welheim" er delt inn i to faser. Den første fasen er ei kartlegging av fartyet og kvar oljen er i vraket. Denne fasen skal vere ferdig i midten av september. Den andre fasen er sjølve tømminga, som skal vere avslutta i slutten av oktober, opplyser fungerande beredskapsdirektør Ottar Longva i Kystverket i ei pressemelding.
Deltok i krigen
Det tyske motorskipet "Welheim" var forsyningsskip for dei tyske styrkane i Norge under andre verdskrig, og var lasta med kol då den vart senka av ein norsk motortorpedobåt 28. november 1944. Vraket ligg ca. 10 km sør for Florø på ein skrå sjøbotn, på mellom 30 og 65 meters djupne.
Lekkasjar frå vraket
Det vert rekna med at skipet kan ha hatt mellom 300 og 1200 tonn dieselolje om bord (som drivstoff) då det vart senka. Det har vore mindre lekkasjar frå skipet gjennom fleire år, men det er observert fleire utslepp den siste tida. Området er viktig for oppdrett, det føregår kystfiske og turistfiske og det er sjøfugl i nærområdet.