NRK Meny
Normal

Startar undersøkingar av tunnelen

Statens vegvesen startar i dag undersøkingane kva skadar som er i Magnhildskartunnelen i Bremanger etter bilbrannen fredag kveld.

Statens vegvesen startar i dag undersøkingane kva skadar som er i Magnhildskartunnelen i Bremanger etter bilbrannen fredag kveld.

Det er fri ferdsel i Magnhildskartunnelen fram til sundag morgon kl.8. På sundag vil det vere arbeid i tunnelen mellom kl.8 og kl.14, men det vil vere opent for køyring etter ledebil i dette tidsrommet. Det melder Vegtrafikksentralen.

– Vi skal no inn med geolog og reinskeplattform for å undersøke tunnelen der bilbrannen var fredag kveld, seier prosjektleiar Lars Karlsen i Statens vegvesen.

Klokka 19.56 fredag kveld fekk naudetatane melding om bilbrann i Magnhildskaret i mellom Grov og Svelgen. To bilar hadde kollidert og tatt til å brenne om lag 300 meter inne i tunnelen. Fem personar vart sende til sjukehus med røykskadar etter brannen. Det er førebels uvisst kor store skadar det er i sjølve tunnelen.

Lars Karlsen, prosjektleiar i Statens vegvesen.

BILBRANN I MAGNHILDSKARTUNNELEN: Lars Karlsen er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Bilbrannen utvikla jo ein del varme og det har kome ned ein del stein rundt der bilane står. Vi måtte vente til varmen hadde gitt seg før vi kunne undersøke kva skadar som det eventuelt er blitt i tunneltaket, seier Karlsen.

Inn til vidare er tunnelen stengd.

Klokka 11.45 melder Statens vegvesen på Twitter at dei reknar med å opne for kolonnekøyring laurdag klokka 16.

Laster Twitter-innhold

Vurderer båt

Fredag kveld og natt til laurdag vart det køyrt ekstra avgangar på ferja mellom Stårheim og Isane. Det vart også sett inn ein båt mellom Villevika og Indre hamn i Florø som kunne ta med seg 72 personar og fem bilar.

– I går var mange som var i Florø på Sildebord, og det var amcar-treff i Svelgen, så det var mykje folk som skulle av garde.

– Er det aktuelt å setje opp båtrute også i dag?

– Kor langvarig stenginga blir ser vi først når vi kjem inn i tunnelen. Då vil vi og ta stilling til om vi skal setje inn båt også i dag, seier Karlsen,