Startar sololøp om regionreform

Eit samla fylkesting og fylkesutval har til no sagt ja til å slå fylket saman med Hordaland og Rogaland. No set Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet foten ned.

Aleksander Øren Heen slepper jubelen laus

UROA: Aleksander Øren Heen ynskjer ikkje lenger at fylket skal forhandle med Hordaland og Rogaland om å bli del av ein felles Vestlandsregion. – Eg vil vite kva vi skal forhandle om.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg meiner vi bør vente på Stortingsbehandlinga, og få ei skikkeleg utgreiing på bordet før vi går i forhandlingar med andre fylke, seier senterpartipolitikaren Aleksander Øren Heen.

I fylkesutvalet sitt møte måndag var saka om å slå Sogn og Fjordane saman med Rogaland og Hordaland oppe til debatt. Eit samrøystes fylkesting, inkludert medlemmane i Senterpartiet har tidlegare sagt ja til å gå i forhandlingar, men no vil ikkje Heen meir.

– Eg er ganske uroa for å legge ned Sogn og Fjordane fylke. Det er mange verdiar å ta vare på. Det å styre si eiga framtid er ein verdi eg set veldig høgt, utdjupar Heen.

Venstre vil samarbeide om endringar

Regjeringa la nyleg fram regionmeldinga, der dei ser for seg å kvitte seg med dagens 19 fylkeskommunar og erstatte dei med ti regionar. Fylkesordførar Jenny Følling, også ho frå Senterpartiet, har vore positiv til å slå seg saman med resten av Vestlandsfylka. Men ho og andre har vore kritiske til at regjeringa ikkje har kome med nye og konkrete oppgåver for regionane.

Gunhild Berge Stang

MAKT: Fylkesleiar i Venstre, Gunnhild Berge Stang er trygg på at ein større region vil gje Sogn og Fjordane meir makt og auka verdiskaping.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Om Senterpartiet vil ha store oppgåver til regionane, så er det fleire parti på Stortinget som vil samarbeide om å få det til. Eg kan garantere at Venstre vil samarbeide, seier fylkesleiar i Venstre, Gunnhild Berge Stang.

Medan Aleksander Øren Heen har lita tru på at det å bli del av ein større Vestlandsregion vil føre til noko positivt, er Stang langt meir positivt innstilt.

– Dette er ein sjanse til å henge om verdiskapinga på Vestlandet. Vi blir tappa for ressursar, og dette handlar om å sjå på dei grunnleggande strukturane i samfunnet vårt og ta makta tilbake til Vestlandsregionen, understrekar fylkesleiaren i Venstre.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.