Hopp til innhold

Startar søk etter sakna turist

Ein svensk turist i 50-åra er sakna i Jotunheimen. Mannen har ikkje gjeve lyd frå seg sidan han gjekk frå Skogadalsbøen torsdag føremiddag.

Mann sakna i Jotunheimen

– Når det lysnar vil vi starte ein aksjon for å leite etter mannen, seier operasjonsleiar hjå politiet, Odd Arve Solvåg.

Skulle til Gjertvasstind

Jotunheimen

10 GRADER: Ein svensk mann i 40-åra er sakna i Jotunheimen.

Foto: Erik Hagen/@eirikhagen

Mannen i 50-åra skulle gå frå Skogadalsbøen til Gjertvasstind torsdag.

Avtalen var at han skulle varsle då han var komen fram. Det gjorde han ikkje, og dermed fekk politiet melding.

– Han skulle varsle tilbake til dei på Skogadalsbøen om han tok inn på ei anna hytte eller ville kome tilbake til dei. Sidan han ikkje gjorde det, fekk vi melding om mannen.

Mannskap frå Røde Kors skal når det lysnar ta seg inn på ruta mannen etter planen skulle gå, og i tillegg ønskjer politiet søk med helikopter.

– Vi samlar no mannskap frå politiet, Røde Kors og Fjellredningsgruppa på Turtagrø for å klargjere ein aksjon.

Nedbør i området

– Det var ikkje noko poeng i å starte ein leiteaksjon på grunn av mørket, seier Rakstad.

Det er skodde og nedbør i området mannen gjekk i.

– Då eg snakka med dei på Skogadalsbøen torsdag kveld fortalde dei at det var om lag ti grader i området.

Det er framleis dårleg vêr og det gjer det vanskeleg med søk med helikopter.

– Så langt er det ikkje flyvêr så inn til vidare får dei ikkje helikopter, og det skal leitast frå bakken, seier Solvåg.