NRK Meny
Normal

Startar skuledagen med minnemarkering

MÅLØY (NRK): Ved Måløy vidaregåande skule startar skuledagen i dag med ei minnemarkering over dei to elevane ved skulen som omkom i ei trafikkulukke før helga.

Minnestund for Ida Tahooni Kivi og Wahid Babaie

MINNESTUND: Ida Tahooni Kivi (18) og Wahid Babaie (19) omkom i ei trafikkulukke før helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

– I dag møter elevane i klasseromma sine, og så går dei til samfunnshallen der det blir ei minnesamling for alle elevar og tilsette frå klokka 08.45, seier rektor Karl Ottar Rundereim.

Wahid Babaie (19) og Ida Tahooni Kivi (18) frå Florø vart meldt sakna fredag og etter ein leiteaksjon ved fylkesveg 618 vart ungdomane funnen omkomne i bilen på ni meters djupne i fjorden ved Røyrneset. Begge var elevar ved Måløy vidaregåande skule i Vågsøy.

Open skule

Den vidaregåande skulen har i helga vore open for elevar og tilsette som trengde ein stad å møtast og nokon og snakke med.

Karl Ottar Rundereim

SKULE I SORG: Karl Ottar Rundereim er rektor ved Måløy Vidaregåande skule i Vågsøy.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har hatt open skule laurdag og sundag for dei som gjekk i klassen til dei omkomne, og for andre, seier Rundereim.

Minnestund

– På minnestunda i dag skal presten seie minneord over dei avdøde, seier Rundereim.

I tillegg kjem ordførar Kristin Maurstad (Ap) til å vere til stades. Politiet kjem og for å orientere om det som har skjedd.

Tende lys

SØRGER OVER SKULEKAMERATAR: Har tent lys for å minnast omkomne skulekameratar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Elevane har nok eit stort behov for å vite meir om det som har skjedd, og få bearbeide og snakke med andre om dette, seier Rundereim.

– Og hjelpeapparatet står klart for dei som har behov for det?

– Ja, det gjer det. Når samlinga er slutt i dag så vil vi så fort som mogleg gå tilbake til vanleg undervising, men dei elevane som har behov for meir bearbeiding og nokon å snakke med får tilbod om det.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast