NRK Meny
Normal

Startar rekruttering til rusposten

Styret i Helse Førde har bede styreleiar Clara Øberg kontakte Helse Vest for å få starte rekruttering av personell til rusposten på Nordfjordeid snarast råd.

Ny ruspost står ubrukt

SNART I BRUK: Rusposten har lenge stått tom, men no skal den snart opnast.

Foto: Nyhetsspiller

Den nybygde rusposten har stått tom i to år på grunn av pengemangel, og det har vore uvisse om omstillingsmidlane som no kjem frå regjeringa til Nordfjord sjukehus, også skal gå til rusposten.

Styreleiar Clara Øberg seier signalet er viktig overfor Helse Førde sine tilsette i Eid.

– Vi sender eit signal til dei tilsette om at her skal det starte opp. Vi ønskjer å starte rekrutteringsarbeidet tidlegare enn sjølve prosjektet, som er eit samarbeid mellom fleire.

Øberg seier målet er å få i gang den nye rusposten til nyttår.

– Det hadde vore det ideelle. Og det håper vi skal gå i orden, for då kan ein del av personalet gå rett over. Det har vore snakk om nedbemanning ved sjukehuset, men dette er også ei rekruttering samstundes til den nye rusposten. Målet er å få rusposten i gang ved nyttår, seier ho.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.