NRK Meny

Startar rehabilitering etter påske

Arbeidet med å rehabilitere og oppgradere Sogn jord- og hagebruksskule startar like etter påske. Det skriv Sogn Avis. Det er fleire år sidan opprustingsbehovet melde seg ved skulen, men problem med å få finansieringa heilt på plass har ført til at arbeidet først kjem i gang no. Prislappen på arbeidet er 37,5 millionar kroner, og det skal etter planen vere ferdig til skulestart 2017.

Sogn jord- og hagebruksskule
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå