Hopp til innhold

Startar rassikring ved Ugla

Statens vegvesen vil starte arbeidet med rassikring i området ved Ugla på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik neste veke.

Steinras ved Ugla mellom Innvik og Olden

RAS: Store steinblokker sperra fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik om morgonen 16. juli i sommar. Fleire har kravd at det må bli gjort noko på strekninga.

Foto: Arne Vik

Rundt 50 skuleborn blir kvar dag køyrd i buss forbi rasstaden ved Knarrura ved Ugla på fylkesveg 60. Etter fleire ras er foreldra svært uroa for tryggleiken til ungane og for snart to veker sidan aksjonerte eit 20-tals foreldre for ein tryggare veg for både skuleelevar og pendlarar.

Seinast i midten av juli var vegen stengd i to dagar etter at store steinar dundra ned i vegbana.

Etter dette fekk Vegvesenet utarbeidd ein ny geologisk rapport for området. Seksjonsleiar Margot Åsebø har tidlegare sagt til NRK at denne gjer at dei vil gjere tiltak for å sikre plassen.

Skal gjere fleire tiltak

Dette arbeidet skulle etter planen starte opp over helga, men blir no starta opp på torsdag,skriv Fjordingen. Årsaka til utsetjinga er at entreprenøren måtte ha tid til å få mannskap og utstyr på plass.

– Vi må både reinske massar, sikre blokker og setje opp sikringsnett, seier Åsebø i Vegvesenet til avisa.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Aksjon i Olden Innvik for rasfarleg veg

Må stengje vegen

I samband med sikringsarbeidet vil vegen kunne bli stengd i både kortare og lengre periodar. det kan bli snakk om både timar og dagar, fortel Åsebø til Fjordingen. Vegvesenet vil varsle om stengingane.

Vurderingane som er gjort viser at rasfaren ikkje er så stor at ein må stengje vegen umiddelbart.

– Sjølv om det knyter seg ein god del uvisse til jobben vi skal i gang med, skal vi gjere vårt beste for å sikre vegen best mogleg før vinteren set inn, seier Åsebø til avisa.